Hopp til innhold

Par har kjøpt Harastølen for 1 krone

Barbro og Morten Solem flyttar frå Lofoten til Harastølen i Luster for å ruste opp det gamle sanatoriet høgt oppe i fjellsida langs Lustrafjorden.

Forfall på Harastølen

HØGT TIL FJELLS: Anlegget Harastølen ligg høgt oppe i fjellsida, med vakker utsikt mot Lustrafjorden.

Foto: Raymond Lidal

Harastølen, som tidlegare var tuberkolosesanatorium, har forfalle jamnt og trutt med åra. Fleire eigarar har vore inne, utan at det har ført til at bygningsmassen har vorte halde ved like.

I vår vart eigedommen lagt ut på Finn.no for 1 krone. Det pirra nysgjerrigheita til paret som bur i Lofoten.

– Det er slike ting eg fell for. Så eg såg på den og tenkte, det kjøper vi, seier Morten Solem (38) til avisa firda.no.

Vil setje det i stand

Paret vil flytte frå Lofoten til Luster for å setje i stand bygningane slik dei var for 110 år sidan.

– Den drivande faktoren er historia til sanatoriet. Det var den som gjorde oss interesserte i prosjektet. Vi tykkjer det er tragisk at norsk historie skulle forsvinne for oss, seier Solem til firda.no

Dei ønsjker å starte eit helsesportsenter for alle aldrar, men med hovudvekt på habilitering og rehabilitering av barn og unge med ulike diagnosar, syndrom og funksjonshemmingar.

– Vi må få meir oversikt over området og bygget. Og vi vil ta imot heile familiar, ikkje berre ungane, seier Solem.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Harastølen forfell

Harastølen forfell

Ber folk donere pengar

På nettsida si ber dei folk som ønskjer å bidra med ein av Noregeshistorias kanskje største og viktigste renoveringar gjennom tidene, donere pengar.

Til firda.no fortel paret at dei ikkje har ein eksakt sum for kva det vil koste å ordne opp att bygningane, men at dei er godt i gang.

– Vi har fått finansiering nok til å komme godt i gang. Det kjem frå fleire instansar, ein del eigenkapital og ein del frå andre bidragsytarar, seier Solem.

Var vedteke rive

Harastølen var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i Norge. Tørt klima, furuskog og tynn fjelluft skulle hjelpe mot folkepesten tuberkulose.

Harastølen blei reist i 1902 og tuberkulosepasientar fekk behandling her heilt til 50-talet. Etter dette var det psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, før det blei folketomt på starten av 90-talet og forfallet starta.

Både politikarane i Luster kommune og eigar Tinfos har gått inn for å rive bygget. Kommunen har i det lengste håpa at nokon skulle vere interesserte i Harastølen.

Tidlegare i sommar sa administrerande direktør i Tinfos at eigedommen ikkje kom til å bli selt over natta, og at det var viktig at dei som eventuelt skulle kjøpe bygget, var seriøse nok.