NRK Meny
Normal

No er målmannen Ole endeleg styrmann - på nynorsk

Styrmann og målmann Ole Fuglestad godtok ikkje at styrmannssertifikatet kun var tilgjengeleg på bokmål og engelsk. Han gjekk til kamp for å få det på nynorsk, og kampen skulle vise seg å bli langdryg.

Ole Fuglestad

PÅ JOBB: Styrmann og målmann Ole Fuglestad ombord på fartyet Viking Vision.

Foto: Privat / Privat

Ole Fuglestad har alltid brukt nynorsk. Men engasjementet hans har vakse kraftig dei siste åra. Etter ein telefon til Sjøfartsdirektoratet med spørsmål om nynorsk styrmannssertifikat, valde han å ta opp kampen.

– Det var ikkje mogleg å få sertifikatet på nynorsk. Det gjorde meg sint, så eg tok kontakt med Språkrådet, seier Fuglestad.

Den 39 årige styrmannen som bur i Balestrand valde å klage for å få provet på yrket sitt på si eiga målform. Svaret kom i mai 2011.

Laster Twitter-innhold

Ikkje enkelt

Språkrådet gav Fuglestad rett etter paragraf seks i mållova. Han hadde rett til å krevje nynorsk. Men det tok tid. Eit prosjekt som mellom anna gjorde det mogleg å skrive ut sertifikat på nynorsk vart utsett. Etter nye brev, fekk Ole Fuglestad i førre veke endeleg svaret han hadde venta på frå Sjøfartsdirektoratet.

– Eg er veldig tilfreds. Men eg meiner at dette burde vore på plass frå dag ein. Nynorsk er ikkje eit nytt språk. Eg er ein stolt nynorskbrukar og meiner eg har rett til å bruke mi målform.

Ole Fuglestad twitter

ENDELEG: Her er brevet som stadfestar at Ole Fuglestad får styrmannssertifikatet på nynorsk. Publisert på twitter av Fuglestad.

Foto: privat

– Ein årelang kamp mot Sjøfartsdirektoratet er over, endeleg får eg sertifikat på nynorsk, lydde meldinga frå Fuglestad på twitter tidlegare i veka.

Ikkje fyrste, og heller ikkje siste, prosjekt

Kampen for styrmannssertifikat var ikkje Fuglestad sitt fyrste prosjekt.

– Eg var ein gong leiar for ei gruppe som omsette Hattrick til nynorsk. Hatttrick er eit fotball-manager spel på internett, forklarar han.

Fuglestad fortel om god respons frå kollegaer.

– Eg har skrive om sertifikatet på Facebook, og fått mange positive tilbakemeldingar.

Ikkje lenge etter at styrmannssertifikat på nynorsk var sikra, kom målmannen med det som kanskje var eit hint om kva neste prosjekt er. Prosjektet vart starta av leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture. Og Fuglestad vil gjerne delta. På Twitter skreiv styrmannen:

Laster Twitter-innhold
Ole Fuglestad

FJORD1: Ole Fuglestad jobbar til vanleg som styrmann på seismikkfarty, men vikarierer også på MF Lærdal for Fjord1.

Foto: Privat / Privat
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen