NRK Meny
Normal

Helga Hjetland: – Han har imponert meg i mange år

Tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland frå Kyrkjebø, kjenner godt den eine av vinnarane av Nobels fredspris.

Helga Hjetland og Kailash Satyarthi

KJENNER KVARANDRE: Helga Hjetland og fredsprisvinnar Kailash Satyarthi.

Foto: Håkon Mosvold Larsen, Scanpix og GCE/Flickr

Ho er svært glad for at Kailash Satyarthi er tildelt Nobels fredspris saman med Malala Yousafzai.

Hjetland kjenner Satyarthi etter mange års samarbeid i styret for Global Campaign for Education.

– Der har han vore styreleiar og eg har site i styret, vi har vore saman på møte i mange land. No er altså Satyarthi fredsprisvinnar.

– Eg tykkjer det er strålande med ein nobelpris med fokus på jenter og på utdanning. Begge fredsprisvinnarane er verdige vinnarar, seier Helga Hjetland.

– Stort personleg mot

Då leiar Thorbjørn Jagland i Nobelkomitéen grunngav tildelinga, sa han dette om den indiske fredsprisvinnaren:

– Med stort personleg mot har Kailash Satyarthi, i tradisjonen frå Gandhi, leia ulike former for protestaksjonar og demonstrasjonar, alle fredelige, for å rette søkelyset mot grov utnytting av barn for økonomisk gevinst.

(Artikkelen held fram under biletet)

I dag ble høytidelig kunngjort hvem som får årets Nobels fredspris. 
I LYD med jagland. 
Prisen fikk de for deres kamp mot undertrykkelse av barn og deres rett til skolegang. 
Den tidligere lederen for utdanningsforbundet kjenner Kailash Satyarthi godt etter å ha jobbet sammen med han i mange år, og syns det er en verdig vinner.

VIDEO: Helga Hjetland og fredsprisvinnaren var gode vener. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

– Tøff kamp

Helga Hjetland er imponert over arbeidet til Satyarthi.

– Det har imponert meg i alle dei åra eg har kjent han, at han så utan omsyn til eiga inntekt og eige liv har kjempa for rettane til barn i kampen mot barnearbeid i India.

– Det er ein ganske tøff kamp, for kapitalismen har ført til at ungar i India blir utnytta på det grovaste i arbeid. Dei får ikkje gå på skule og dermed få sjansen til utdanning og eit betre liv. Den kampen har Kailash ført intenst og skikkeleg og med store offer personleg.

Kailash Satyarthi og Malala

DELER PRISEN: Satyarthi deler prisen med Malala Yousafzai.

Foto: RAVI RAVEENDRAN / AFP / JARLE AABØ

Ho fortel at Satyarthi har brukt alle kreftene sine på å berge ungar frå fattige liv og gje dei utdanning. Han har ikkje hatt tid til å ha eit inntektsgjevande arbeid. Hjetland rosar dei menneskelege eigenskapane til fredsprisvinnaren.

– Han er varm, han er nær, og han er ein som bryr seg om deg personleg. Han er ein veldig vennleg mann. Når det har vore konfliktar i styret har han vore veldig løysingsorientert. Vi har og snakka personleg saman etter styremøta.

Tilfeldig møte i Dehli

Men siste gongen ho trefte Satyarthi må kallast eit slumpetreff.

– Eg trefte han på gata i Dehli i fjor, og det å treffe ein person ein kjenner frå før tilfeldig på gata i Dehli må vel kallast å finne nåla i høystakken. Men det var veldig hyggeleg, og han inviterte meg heim til seg og kona.

Nobelkommiteens begrunnelse

VIDEO: Leiar i Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, kunngjer kven som får årets fredspris.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.