NRK Meny

Har inngått avtale om Lutelandet

Saga Fjordbase skal vere driftsselskap på Lutelandet, slik selskapet også er på Fjordbase i Florø, skriv Firdaposten. Viseadministrerande direktør i Fjordbase, Leif Stavøstrand, seier det førebels er uvisst kor mange stillingar avtalen med Lutelandet Offshore vil gje. Han kan heller ikkje seie kor mykje avtalen er verd. Per i dag har Saga Fjordbase 65 tilsette.