Hopp til innhold

Sogndal-trenaren: «Nei, vi skal ikkje hente nye spelarar før seriestart»

Med Rune Bolseth og Erik Dahlin som dei einaste forsterkingane, er Jonas Olsson nøgd med Sogndal-stallen framfor den kommande sesongen.

Sogndal-trenar Jonas Olsson
Foto: Arve Uglum (MMS-foto) / NRK

– Dersom ingen spelarar forsvinn, kjem vi ikkje til å hente nokon nye. Då må vi avvente og sjå kva som eventuelt skjer i sommarvindauget, seier Jonas Olsson til NRK.no.

Held utkik for å vere i forkant

Sogndal var torsdag samla til den første treninga framfor seriestarten til våren. Samstundes er også overgangsvindauget ope – og mange klubbar er på jakt etter forsterkingar.

Men det er ikkje Sogndal...

– Vi held utkik over marknaden, og det gjeld alle posisjonar. På den måten er vi i forkant, dersom nokon skulle bli skadde eller selde. Men slik det ser ut no, så er vi nøgde med den troppen vi har, seier Sogndal-trenaren.

– Så du vil møte eliteserien 2013 med den troppen du har?

– Ja, understrekar Olsson.

Meiner Sogndal er sterkare – trass avgangar

Sidan sesongslutt sist haust har Sogndal fått inn svenske Erik Dahlin som erstattar i mål for Kenneth Udjus. Rune Bolseth er også klar for comeback for gamleklubben.

Olsson meiner klubben med det er godt skodd framfor seriestart, trass i at spelarar som Henrik Furebotn, Eirik Bakke og Azar Karadas er borte frå fjoråret – i tillegg til Udjus.

– Vi får inn to dyktige spelarar med Bolseth og Dahlin. Men først og fremst får vi behalde mange gode – og både Gustav Valsvik og Badji har blitt verande. Så eg meiner vi står sterkare no enn ved seriestart i fjor, seier trenaren.

Han legg til:

– Dessutan har vi von om at nokre av dei yngre spelarane skal ta steget.

Oppteken av å vere fylkeslag

Ein av dei som er borte frå spelarstallen er Eirik Bakke, som etter ei lang og innhaldsrik karriere valde å leggje opp i haust.

No held den tidlegare englandsproffen oversikt over spelarmarknaden.

– Om spelarar skulle forsvinne, så har vi oversikt. Men det er også viktig for oss å vere eit fylkeslag, og det må vi halde fram med å vere.

– Siste kampen i haust starta vi med sju spelarar frå fylket, seier Olsson.