Hopp til innhold

Har ikkje tru på å gi utanlandske vogntog køyreforbod om vinteren

– Å forby utanlandske vogntog å køyre over fjellet på vinterstid er neppe vegen å gå. Det seier leiar i Sogn og Fjordane lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden.

Rolf Olav Tenden
Foto: Thor Tenden Transport

Regjeringa vurderer å setje i verk tiltak for å få ned talet på ulykker. Utanlandske trekkvogner har eitt hjulsett mindre enn norske og svenske vogntog, og er difor dårlegare å køyre på vinterføre.

Tenden trur ikkje forslaget er heilt gjennomtenkt.

– Klarar dei å få til ei lov som gjer at dette kan stoggast så er vi svært positive til det, men vi er redd for at dette er litt tatt ut av lufta, og ikkje skikkeleg vurdert innanfor regelverk spesielt mot EU.

På vinterstid har utanlandske vogntog til stadigheit problem på norske vegar. Årsaka er at dei utanlandske vogntoga ofte har ei hjulsett mindre enn norske og svenske vogntog. No vurderer regjeringa å forbyd desse å køyre over enkelte fjellovergangar.

Vanskeleg å handheve

– Det rett som statssekretær Bård Hoksrud seier. Dei utanlandske trailerane er ikkje bygde for norske forhold. Spørsmålet korleis ein skal klare handheve eit eventuelt forbod av til dømes toaksla lastebilar inn til Norge.

Rolf Olav Tenden

HAR MEIR TRU PÅ SKILT, ENN FORBOD: Rolv Olav Tenden er leiar i Sogn og Fjordane Lastebileigarforbund.

Foto: Silje Guddal

Tenden meiner at mange av dei utanlandske bilane ikkje kan køyre nord for Oslo, eller på Vestlandet, og at dei burde vore stogga. Tenden meiner at eit slikt forbod vil vere vanskeleg å få til kort sikt

– På lang sikt kanskje, dersom dei klarer å handheve det. Du skal jo ha kontrollørar som skal stogge desse bilane etter at dei til dømes har køyrt ut av Oslo. Du kan ikkje sette grensa ved grenseovergangane, for det vil alltid kome mykje toaksla bilar inn til byane. Kunne ein avgrense til Oslo, Trondheim og Stavanger by, men ikkje til landet elles, så hadde det sikkert vore ei god ordning viss, ein fekk det til.

Heller betre skilting

Tenden meiner det er andre tiltak som vil ha betre effekt enn forbod.

– På kort sikt så trur eg betre skilting kunne vore aktuelt.

Han brukar E39 frå Oppedal mot Bergen for å illustrere

– Ein utlending vil ikkje skjøne at her køyrer du på berr asfalt langs fjorden. og plutseleg så ber det til fjells. Det bør vere betre skilting når det er stigning, få opp stigningsskilt i prosent. Då er det i alle fall slik at dei tenker seg om, og ser kva utstyr dei har å legge på før dei står fast.

Han meiner ein ikkje kan forvente at det skal byggast ut plassar til å legge på kjetting ved kvar ein bakke, men peilar samstundes på at problema gjerne oppstår i dei same bakkane år etter år.

– Vi veit jo kva bakkar dette er. Her må vi inne med større beredskap, med skraping, med sand og tiltak som sørgjer for at vegen er tipp topp. Vi veit det er vanskeleg når det snør og regnar på same tid. Men det kostar pengar.