Kan bli klar med naud og neppe

Først torsdag får Victor Grodås vite om han kan spele heimekampen mot Levanger. Då kan han gå rett inn igjen på laget.

Victor Grodås (t.h.) i duell med Vasko Kalezic

HANGLAR: Trenar Eirik Bakke håpar på klarsignal frå Victor Grodås (t.h.) til kampen mot Levanger. Den offensive backen har blitt ein viktig spelar etter overgangen frå Hødd.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg håpar å rekke det. Men eg får svaret frå legen først på torsdag, seier Grodås.

Backen måtte stå over kampen, då Sogndal slo Nest-Sotra 2–1 på bortebane sist helg. No er han sugen på ein snarleg retur til laget.

– Eg har hangla litt her og der. Blant anna har eg hatt ein betennelse på auget, som kjennest fint att. Men det er ei vurdering om eg skal presse meg, eller om eg bør stå over. Det er så mange kampar no, seier Grodås.

– Han er ein viktig spelar for oss

For Eirik Bakke vil det vere ei gledeleg nyhende om venstrebacken er klar til innsats. For også back-kollega Eirik Bergum Skaasheim er ute med skade etter ein overtrakk.

Det kan bety at eit grønt lys frå legen også betyr grønt lys frå trenaren for Grodås.

– Dersom Victor blir klar, så brukar eg han. Om det blir frå start får vi sjå på, men eg skal ikkje leggje skjul på at han er viktig for oss, seier Bakke.

Har alternativ på backplassane

Sogndal er inne i ein svært hektisk periode med mange kampar på kort tid. Det medfører også utfordringar knytt til slitasje og skadar. Men på den positive sida er Taijo Teniste tilbake for fullt, og kan fylle plassen på den eine backen.

Også midtstoppar Bjørn Inge Utvik kan fungere som back ved behov.

– Vi har folk ute med skade, og det er sjølvsagt ikkje ideelt – men heller ikkje noko problem. Andre spelarar tek over plassen og melder seg på, seier Bakke.

Først torsdag bestemmer han seg for kva elleve spelarar som skal starte mot Levanger.

Eirik Bergum Skaasheim

TRAKKA OVER: Eirik Bergum Skaasheim er ein av spelarane Eirik Bakke ikkje veit om han kan bruke på torsdag. Etter ein god seriestart, trakka backen over i cupkampen mot Lysekloster.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Finst ikkje enkle kampar

Torsdag kveld ventar Levanger for Eirik Bakke sine menn på Fosshaugane. Trønderane står med berre to poeng etter dei fire første kampane i seriestarten. Sogndal har på si side ti poeng og er trygt etablert i toppen.

Men Sogndal tek ikkje lett på oppgåva.

– Dei er eit solid lag, som gjorde det godt i fjor. Vi skal slå dei, men vi må ha dagen. Det finst ikkje enkle kampar i denne divisjonen, seier Bakke.

– Det blir ein tøff kamp. Levanger er eit kontringslag og dei er fysisk sterke, seier Victor Grodås.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.