Hopp til innhold

Eks-ordførar har ikkje tillit til Solhjell i betent gruvesak

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell har ikkje den nødvendige tilliten til å behandle gruvesaka i Naustdal. Det meiner tidlegare ordførar i kommunen, som også kjempar for gruvedrift i bygda.

Bård Vegar Solhjell

HAR IKKJE TILLIT: Bård Vegar Solhjell bør ikkje handsama gruvesaka i heimkommunen, meiner tidlegare ordførar i Naustdal.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Lovavdelinga i Justisdepartementet meiner Solhjell er habil når det kjem til handsaming av dei omstridde gruveplanane med fjorddeponi i Vevring i Naustdal. Men fleire meiner den avgjerda er feil.

Blant dei er Jan Herstad som er tidlegare Senterparti-ordførar i Naustdal. Han viser til at Solhjell i valkampen uttrykte sterk motstand mot gruveplanane i heimkommunen. Det er på sin plass at Solhjell trekkjer seg frå saka, meiner Herstad.

– Eg trur det vil vere sunt for saka om ein statsråd som hadde meir avstand til saka var den som tok avgjerd, seier Herstad.

– Så du har ikkje tillit til Solhjell i denne saka?

– Nei, eg trur Solhjell vil ha vanskeleg for å fatte eit objektivt vedtak.

Omdiskuterte planar

Det er selskapet Nordic Mining som har planar om storstilt utvinning av mineralet rutil i Naustdal i Sogn og Fjordane. Gruvedrift vil innebere at store mengder overskotsmasse må dumpast i Førdefjorden.

Protestane mot desse planane har vore mange, mellom anna har Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Mattilsynet stått saman i ein uttale der dei seier klart nei til deponi av gruveavfall i norske fjordar, før det er samla inn meir kunnskap om konsekvensane.

Flagga synspunkt under valkampen

Under valkampen i slutten av august i fjor kom Bård Vegar Solhjell, som då var parlamentarisk leiar i SV, med følgjande forklaring på kvifor SV vil seie nei til planane i heimkommunen hans Naustdal.

– Fordi det er miljømessig for usikkert i forhold til oppdrettsnæringa, havbruk, fiskebestand og i forhold til dei uavklarte konsekvensane.

Meiner Solhjell bør vurdere det etiske

Jan Herstad

KRITISK: Jan Herstad meiner statsråden sjølv må vurdere dei etiske sidene ved at han skal handsame saka.

Foto: NRK / NRK

I mellomtida har Solhjell vorte miljøvernminister og sit med det overordna miljømessige ansvaret i saka.

Tidlegare ordførar Herstad, som i den seinare tid har teke på seg ei rolle som døropnar for gruveselskapet i Naustdal, registrerer at Justisdepartementet har slått fast Solhjell er habil til å handsame saka.

Likevel er det etisk tvilsamt at han blir sitjande ved roret, meiner Herstad.

– Ein har sjølv eit ansvar for å vurdere dei etiske sidene ved dette, seier Herstad.

Solhjell vil ikkje kommentere utspelet frå Herstad, men sa i går følgjande om vurderinga av sin eigen habilitet.

– Eg har ingen økonomiske bindingar eller vennskapsband som knyter meg til saka. Difor er eg habil og kan handsame saka.

Fire etatar saman mot fjorddeponi Frårår fjorddeponi i Førdefjorden