Hopp til innhold

Har ikkje tid til fagleg påfyll

For fyrste gang må det årlege lærarstemnet her i fylket i år avlysast på grunn av dårleg oppslutning.

Lærarstemnet har vore arrangert dei siste ti åra og i fjor deltok 400 lærarar. Arrangør og leiar for lærarutdanninga i Sogndal, Svein Heggeim, er skuffa og meiner lærarane er for opptekne med Kunnskapsreforma til å kunne sette av tid til fagleg påfyll.

- Vi hadde håpa at programmet skulle inspirere og kanskje også problematisere skulereforma, seier han. 

- Går glipp av verdifull utveksling

Stemnet skulle altså hjelpe lærarane med reforma. I staden er det nettopp reforma som held lærarane vekke frå å delta. Lærarane vel å jobbe kvar for seg, på kvar sin skule. Heggheim meiner dei går glipp av verdifull utveksling av idear og erfaringar.

- Dei går glipp av det vi meiner er eit veldig bra program. Vi har fått førelesarar som har aktualitet i høve til skulereforma, seier han. 

Berre 80 påmelde

Lærarstemnet er et samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet, fylkeskommunen og skoleregionane. Dei siste åra har mellom 300 og 400 deltakarar vore med. I år var det berre 80 som melde seg på, og det er derfor det no blir avlyst.

- Lærarstemnet har ikkje vore attraktivt nok i år, det må vi ta til etterretning, seier han.