Hopp til innhold

Har ikkje sprunge EM-distansen på ein månad

I dag vart det offisielt. Marius Vedvik frå Førde blir fylkets einaste utøvar under EM i friidrett.

Marius Vedvik

EM-KLAR: Marius Vedvik frå Førde håper på ei topp ti-plassering i tysdagens 10.000 meter under EM i Berlin - hans første 10.000 meter på ein månad. – Ein ser at dei beste har periodar med mykje konkurransar, så roer dei ned mot meisterskapen og stoler på at treninga er god nok til å yte sitt beste, seier Vedvik.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Den norske troppen blei offentleggjort under ein pressekonferanse i Oslo tysdag ettermiddag, og Vedvik er einaste utøvaren frå Sogn og Fjordane.

Vedvik som representerer bergensklubben Gular, klarte EM-kravet på 10.000 meter allereie i april i år. For fire år sidan fekk han 14.-plass på same distanse under EM i Sveits.

– Eg har konkurrert mindre og prestert litt betre i år enn i 2014. Lærdommen eg har fått er å ha litt mindre hast og vere litt meir kontrollert, kan føre til at tida mi blir betre, seier han.

Skal springe tysdag

Meisterskapen startar i Berlin neste veke. Vedvik reiser laurdag og skal springe løpet sitt tysdag. Europameisterskapen har vore sesongens store mål for Vedvik.

– Eg har vore med på to EM tidlegare, men meisterskapen i Berlin er noko ekstra. Spesielt når det er så mykje positivt i norsk friidrett som no, blir det nok høgdepunktet i karrieren. Målet er å få betre plassering enn i 2014 då eg enda på ein 14.-plass. Eg håper på topp 10 i år.

– Føler du deg i betre form?

– I år sprang eg seks sekund fortare enn i 2014. Den gong var eg heilt ferdig etterpå. Då eg persa i USA i vår, følte eg meg meir gjennomtrent. No føler eg meg i betre form, har meir erfaring og veit korleis seg skal legge opp treninga, seier

Trur han kan perse

Tida hans på 28.42 er nest beste tid i Noreg i år, berre fem sekund bak Sondre Nordstad Moen. Nordstad Moen har bestemt seg for å ikkje springe 10.000 meter i EM og Vedvik vert einaste norske på distansen. Vedvik har bevisst ikkje sprunge distansen sidan Bislett Games i byrjinga av juli, nettopp på grunn av EM.

– I ettertid har eg konkurrert på 5000 meter, der eg har gått skikkeleg i kjelleren og spydd etter løpet. Det er eit signal på at kroppen treng å byggje seg opp att.

Vedvik meiner at både ny personleg rekord og norsk årsbeste er innan rekkevidd når han tysdag står på startstreken i Berlin.

– Det er ikkje utenkeleg. Den persen eg fekk i april, kom ut av det blå. Treninga var ikkje i nærleiken så bra som det han har vore seinare i år. Om eg får ut det eg er god for, kan eg perse med 10–15 sekund, seier han.