Hopp til innhold

Har ikkje spelt handball på over eitt år – debuterer mot serieleiaren

June Andenæs (34) frå Gloppen skal spela for Larvik i eliteserien i handball ut sesongen. Alt i kveld vert ho kasta rett i kamp mot serieleiaren, etter over eitt år på sidelinja.

June Andenæs på Larvik-trening

KLAR FOR TOPPLAG: Maria Hjertner, June Andenæs, Tamires Araujo, Mari Finstad Bergum og Emilie Christensen på Larvik-trening i Bergslihallen tysdag.

Foto: Svein André Svendsen

Laster innhold, vennligst vent..

– Det vert spennande. Eg er glad for at eg får sjansen i Larvik og at eg får spela i Europa og på eit godt norsk lag, seier Andenæs.

Ho kom til Larvik frå tabelljumbo Glassverket i romjula.

Etter å ha spelt null kampar på eitt år, blir det allereie ni kampar på ein månad. Det startar i kveld når Larvik møter serieleiar Vipers frå Kristiansand.

Langt avbrekk

Det var i november i 2016 at ho skada kneet i kamp for Glassverket. Sidan har ho ikkje spelt ein einaste kamp, men i kveld er det rett inn att. Før kampen er det Vipers som toppar tabellen, medan Larvik ligg to poeng bak.

– Det vert rett på. Det er fint det, for då er det berre å gå rett inn og gje jernet. Ein må ikkje tenke på at dei er så gode, seier ho.

– Held kneet?

– Det skal gå fint. Opptreninga har gått veldig bra og eg har ikkje hatt nokre tilbakefall, svarar ho.

Store endringar

Trass i at ho gjekk skada store delar av førre sesong rakk ho å få med seg ein bronsemedalje med Glassverket. Men store økonomiske problem har gjort at dei har måtte kvitte seg med dei beste spelarane og i år har dei tapt alle kampane.

– Det laget vi hadde i fjor var veldig bra og ganske likt Larvik sitt lag i år. Men no er det masse unge spelarar i Glassverket og nivået er ikkje det same, sjølv om det er mykje spennande på gang. Eg vil nok merka at det er vert eit nivå opp no, seier Andenæs.

Overgangen til Larvik er eit steg opp karrieremessig, men også praktisk med tanke på busituasjonen. Nyeklubben har sidan årtusenskiftet vunne eliteserien 17 av 18 år.

– Eg skal no bli buande i Drammen og pendla ein time til Larvik kvar dag. At eg slepp å flytta er eg veldig glad for, seier ho.

I ein alder av 34 år vert ho ein av dei mest rutinerte spelarane i eit ungt Larvik-lag.

Laster innhold, vennligst vent..