NRK Meny

Har ikkje snakka med kjøtleverandør

Mattilsynet har enno ikkje snakka med ein av dei store leverandørane av kjøt til Terina i Sogndal. Men driftssjef ved Gilde Vest sitt slakteri i Førde, Jacob Sætre, reknar at tilsynet snart let høyre frå seg.

Gilde Vest sitt slakteri i Førde.
Foto: Øystein Windstad / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Gilde Vest i Førde er storleverandør av råvarer til spekepølsene som vert laga i Sogndal.

Det er Gilde si dotterverksemd Terina i Sogndal som har laga spekepølsene som Mattilsynet no reknar med kan vere smittekjelda til den mykje omtala E.coli-bakterien. Så langt er minst 14 born smitta av bakterien, og eitt av borna har mista livet.

Ventar at tilsynet tek kontakt

Gilde Vest sitt slakteri i Førde leverer først og fremst storfekjøt og sauekjøt. Driftssjef Jacob Sætre utelukkar ikkje at E.coli-bakterien kan kome frå hans slakteri, men så langt vel han likevel å tru at han har levert reint kjøt.

Sjølv om slakteriet er storleverandør av råvarer til spekepølsene som vert produserte i Sogndal, har dei framleis ikkje høyrt noko frå Mattilsynet i denne saka. Men Sætre reknar med at tilsynet let høyre frå seg.

- Eg kalkulerer med at Mattilsynet tek kontakt for å stille spørsmål og sjå på rutinene våre, seier Sætre.

- Vi følgjer alle retningslinjer som kjem frå Gilde sentralt og Mattilsynet, men førebels har vi ikkje fått nokon førespurnad frå Mattilsynet.

- Ikkje uventa

- Er det uventa for deg?  

- Nei, eigentleg ikkje i denne fasen.  

- Får det som har skjedd i Sogndal konsekvensar for slakteriet i Førde?  

- Det kan eg ikkje tenkje meg, men som sagt er det Mattillsynet som i så fall må avgjere det. Men i denne fasen, og så langt eg veit, er ikkje vi mistenkte, seier driftssjef Jacob Sætre.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar