Hopp til innhold

Har ikkje slått RBK på 15 år - på søndag får Sogndal ein ny sjanse

Sist gong Sogndal slo Rosenborg, avgjorde «tidenes midtstoppar», Asle Hillestad, kampen. På søndag kan Sogndal ta sin første siger mot trønderane på 15 år.

John Carew (t.v.) og Asle Hillestad

LANG KARRIERE: Asle Hillestad (t.h.) har spelt 611 kampar for Sogndal. Her i duell med John Carew i 1997.

Foto: HELGE HANSEN / Scanpix

I 1998 gjekk Asle Hillestad fram til kritmerket på Fosshaugane etter 88 minutt. Stillinga var 1-1, 11 meter unna stod rosenborgkeeper Jørn Jamtfall, vel vitande om at om han redda ville han truleg berge eitt poeng for Rosenborg. Hillestad sette straffa sikkert og Sogndal vann 2–1.

– Eg hugsar det straffemålet. Det var heilt på slutten av kampen, og det er alltid spesielt å slå Rosenborg, seier Hillestad

Asle Hillestad og Arild Førde

TIDENES STOPPARPAR: Asle Hillestad (t.h.) og Arild Førde vart i 2011 kåra til tidenes midtstopparar på Sogndal av NRK.

Foto: Arve Uglum / NRK

Målet var spesielt på ein annan måte også, det var nemleg Hillestad sitt mål nummer 100 for Sogndal, ifølgje Aftenposten.

Hillestad er ein av tidenes Sogndal-spelarar. Han har spelt heile 611 kampar for klubben, noko som er rekord, og vart før sesongen 2011 kåra til ein av tidenes midtstopparar på Sogndal, i lag med Arild Førde.

– Ein av dei store

2-1-sigeren den niande juli 1998 var sist gong Sogndal vann mot Rosenborg. Sidan den gong har det på heimebane blitt to tap og fire uavgjorte, på bortebane seks tap og ein uavgjort.

– Det er kampane mot Rosenborg og Brann som er store for Sogndal, det har det alltid vore og det er det framleis. På den kampen i '98 var det mykje folk og scora so seint, det var moro. Det er ikkje so mange kampar eg hugsar, men den scoringa har eg endå ikkje gløymt.

Sogndal har berre slått Rosenborg to gonger i seriesamanheng, den andre gongen var i 1991, då dei slo Rosenborg heime 3–1. Også då var Hillestad med.

– Må vera gode bakover og effektive framme

Rosenborg har opna årets sesong sterkt. I serieopninga slo dei Odd Grenland i Skien 1-0, medan Brann blei sendt heim frå Trondheim med fire baklengsmål i førre runde.

Sogndal opna med 2–2 heime mot Tromsø, før det vart tap borte mot Vålerenga i andre serierunde.

– Det er klart at Rosenborg er store favorittar, det er dei kvar gang dei spelar. Men alt kan skje i fotball, og Sogndal har spelt jamt med Rosenborg fleire gonger.

– Det er ikkje usannsynleg at Sogndal vinn på søndag.

Hillestad trur at keeper Erik Dahlin må vera i toppform om Sogndal skal kunne sjokkera laget frå bartebyen.

Har ikkje tapt heime sidan førre RBK-kamp

– Det blir viktig å vera godt organiserte defensivt, og Dahlin må vera god.
So må ein setja det ein får av sjansar. RBK er gode på å setta sjansane sine, so Sogndal må vera effektive kvar gong dei er framfor mål, for det blir nok ikkje so mange sjansar dei får, seier Hillestad.

Fjorårssesongens største heimetap kom mot nettopp Rosenborg. Trønderane vann 0–3 den 12. august, men etter det snudde det for Sogndal. Sidan den kampen har dei ikkje tapt på Fosshaugane Campus (fire sigrar og tre uavgjort).

Søndag 19.00 vert det avgjort om Rosenborg held fram sin gode statistikk mot Sogndal, eller om heimelaget kan ta sin første siger mot Rosenborg sidan niande juli 1998.