Hopp til innhold

Det er slik han er vand, men i år har han ikkje sett snurten av laks...

Laksefiskar Bjarne Huseklepp har ikkje sett snurten av laks i løpet av årets første veke av laksefiske. Det gjer han uroa.

Bjarne Huseklepp med tidlegare laksefangstar

KOR ER HAN? Laksefiskar Bjarne Huseklepp er uroa over å ikkje ha sett snurten av ein laks i løpet av årets første veke av laksefisket.

Foto: Silje Guddal/Harald Kolseth / NRK

– Det har vore utruleg kjekt å vere ute, men eg har aldri sidan 1990 opplevd å ikkje få éin einaste laks på første veka etter at laksefisket opna, fortel Bjarne Huseklepp.

1. juni gjekk startskotet for årets laksefiske, og Huseklepp og mange med han har gledd seg til dette i lange tider.

Sjølv fiskar Huseklepp for det meste i Flekke-elva, og han kjende så vidt eitt napp på første kastet. Men etter det har det vore stilt. Dørgande stilt.

– Eg har ikkje sett laks og ikkje kjent laks. Det er ein litt spesiell situasjon, seier Huseklepp.

Har teke færre enn før

– Det er vore teke vesentleg mindre laks til no i år enn tidlegare år, seier Huseklepp.

– Kva trur du dette tyder på?

– Eg vågar ikkje å spekulere. Eg har mine tankar om kva som gjer det, og eg skal bidra med det på slutten av sesongen dersom dette ikkje snur. Då kan det vere ting som gjer til at dette har ei naturleg forklaring, seier Huseklepp.

(Artikkelen held fram under videoen)

Natt til laurdag starta årets høgdepunkt for mange sportsfiskarar,
- då opna laksefisket i dei fleste elvane på vestlandet.
I Fjaler feira eit brødrepar 50-års jubileum som laksefiskarar.

Så var laksefisket i gang

Første døgnet pleier å vere unikt

Han kallar det høgst uvanleg at ikkje laksen er bitevillig første veka av laksefisket.

– Viss det var slik at fisken var der første døgnet så burde vi fått fleire viss det var mange der uti. Første døgnet er heilt unikt, då er det slik at sjølv om det er dårleg vassføring, nordavind eller andre dårlege tilhøve, så vert det likevel teke ein god del laks fordi han ikkje har sett agn tidlegare, seier Huseklepp.

Han legg til at fangsttala så langt uroar han.

– Eg er ikkje uroa over at ikkje eg har fått laks, men det som uroar meg er at eg ikkje har sett nokon. Eg er oppteken av at vi skal klare å forvalte laksen på ein slik måte at vi skal kunne ha glede av han, både vi som lever no og dei som kjem etter oss, seier Huseklepp.

Fleire fortel om det same

Han legg til at det difor er viktig å følgje godt med framover på korleis utviklinga er og gjer dei rette tiltaka dersom dette skulle vise seg å halde fram.

Og Huseklepp fortel at også fleire har opplevd liknande tilstandar i laksevassdraga rundt om.

– Eg har mange kompisar som fiskar og det er dårleg i mange andre vassdrag også. Så det er eitt eller anna som eg ikkje helt finn ei naturleg forklaring på, for det skulle ikkje ha vore slik no på denne tida, seier Huseklepp.

Må følgje nøye med

Han seier at fangsttala over kor mykje laks ein får drege på land i grunn er einaste målestokken ein har.

– Ein har sjølvsagt også ein del stader der ein har teljarar i trapper og slikt, så der kan ein følgje med på kor mykje fisk som går opp. Når vi kjem mot slutten av sesongen så kan ein forhåpentlegvis vere meir presis på kva som er årsaka, seier Huseklepp.

Han legg til at dersom ein skal klare å forvalte laksen, så må ein vite nøyaktig grunnen til kvifor slike ting skjer.

– Det er for tidleg å konkludere enno, men det er ein spesiell situasjon å ikkje ha fått laks på ei veke, seier Huseklepp.

Er framleis optimist

– Ser du mørkt på resten av sesongen?

– Nei, eg gler meg til resten av sesongen. Vi laksefiskarar er optimistar og gler oss til neste fisketur, men det er klart at når det vert mange av dei utan at ein ser teikn til laks, så er det ein litt spesiell situasjon. Eg håpar dette kan snu, og at vi ikkje er inne i ei utvikling som går feil veg for villaksen, seier Huseklepp.

John Anton Gladsø hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil ikkje konkludere med noko som helst, og kan heller ikkje stadfeste at det er smått med laks i forhold til tidlegare år.

– Det er lite rapportering endå, så det er vanskeleg å seie. At nokon ikkje har fått mykje fisk til no kan skuldast fleire ting, til dømes lite vatn. Vi må sjå det litt an. Eg har ikkje fått mykje tilbakemeldingar om lite fisk til no, seier Gladsø.