Benka etter 812 mållause minuttar

Trass 812 mållause speleminutt, Sogndal-spiss Mahatma Otoo er trygg på å stå med ti mål når sesongen er over i oktober. I dag ventar Viking.

Mahatma Otoo

MÅLJAKT: Oppgjeret mot Brann var seks minuttar gamalt då Mahatma Otoo scora sist.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix
Oddleif Løseth
Journalist

Mahatma Otoo var VM-aktuell for heimlandet Ghana då han sist scora for Sogndal. Brann vart slått 2–1 på Fosshaugane og med fem mål på seks kampar var 22-åringen ein av toppscorarane i Eliteserien.

Ni serierundar seinare står Otoo framleis med fem mål.

  • SJÅ: Lagoppstillinga nederst i saka.

– Når laget gjer det dårleg, så påverkar det heile laget. Vi må berre tenkje positivt, jobbe hardt og finne flyten att. Då trur eg også poenga vil komme. Det blir det same for meg. Når det losnar, så vil scoringane komme, seier han.

Har trena på avslutningar

Det er eit viktig oppgjer Sogndal spelar laurdag mot uavgjortekspert Viking i Stavanger. Sogndal har berre to poeng frå dei siste seks kampane. Det har også blitt berre to scoringar på dei same kampane.

Laster innhold, vennligst vent..

Toppscorar Otoo, som har målet meir enn spisskollega Ulrik Flo, seier at både han og resten av laget har trena mykje på siste fasen i spelet framfor mål.

Då laguttaket vart offentleg laurdag, var Otoo erstatta av Edward Ofere, medan også Tonny Brochmann var å finne i startoppstillinga.

– Eg har jobba litt med nokre av midtbanespelarane for å få det til å losne. Om du er spiss, så er det likevel ikkje berre individuelt det skortar på om måla uteblir. Det handlar om måten du blir forstått som spiss av midtbanespelarane, og måten du forstår midtbanespelarane, seier han.

– Det vil losne att

– Men kvifor har det gått så lang tid utan nettkjenning for deg?

– Eg merkar meg at forsvararane er meir merksame på meg når eg er nær 16-meteoren, så om eg har måtte jobbe hardt før, så må eg jobbe endå hardare no. Eg må berre vere fokusert. Når det losnar, så losnar det. Eg veit måla vil komme.

– Er du så trygg på det at du kan love tosifra tal scoringar når sesongen er over?

– Ja, det trur eg. Ingen problem.

– Må jobbe hardt

Medan nykomlingen Petter Strand, nemnde Otoo og resten av laget tok eliteserien med storm tidleg i vår, har poengfangsten vore skral i haust med berre to poeng frå seks kampar.

– Alle lag har slike periodar i løpet av sesongen, men som profesjonelle må vi sjå på det positive og vinne tilbake til der vi var i vår. Vi har tapt mange kampar og må jobbe ekstra hardt for å komme på rett spor att, seier Otoo.

– Har det noko med at de Azar Karadas og Gustav Valsvik er borte?

– Dei var begge nøkkelspelarar, men vi må fokusere på dei vi har no. Og dei vi har er like gode, så eg trur ikkje det handlar om det. Vi må berre halde hovuda høgt og kjempe for poenga.

Uavgjorteksperten

Etter ein svak kamp heime mot dumpekandidat Bodø/Glimt førre helg, står altså Viking for tur i dag. Sjølv om Sogndal berre har klart tre uavgjort på 14 seriekampar i oljebyen, både håpar og trur Otoo at det snur i Stavanger.

– Vi må vinne. Både for poenga sin del, men også for sjølvtilliten vår. Vi skal gi alt, seier han og meiner heile laget er klare til oppgjeret mot stavangerlaget.

– Alle veit kor viktig denne kampen er. Alle som får sjansen til å starte må gi sitt yttarste for at vi skal vinne, legg han til. Vel vitande om at eit tap for Sogndal og siger for Aalesund vil føre kvittrøyene ned på kvalifiseringsplass.

LAGET: Matias Dyngeland, Hannu Patronen, Tom Soederberg, Taijo Teniste, Hjoertur Logi Valgardsson, Rune Bolseth, Tonny Brochmann, Petter Strand, Bjørn Inge Utvik, Ulrik Flo, Edward Ofere.

Laster innhold, vennligst vent..
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.