Har ikkje programfesta kutt

Sogn og Fjordane Frp hadde i helga ekstraordinært årsmøte for å vedta fylkesprogrammet. Dei er uroa for fleire ting, men har ikkje vedteke kutt.

Lars Svein Drabløs

HÅPAR: - Eg håpar vi slepp å leggje ned nokon av dei vidaregåande skulane, seier fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi er sterkt uroa for den negative folketalsutviklinga som vi ser i fylket. Vi ønskjer å styrke berekraftige senter for å få opp aktivitet og vekst i fylket, seier fylkesleiar Lars Svein Drabløs.

Han meiner partiet har gode forslag innan både næring, samferdsle og utdanning, utan at han ønskjer å konkretisere det nærare.

Partiet har ikkje programfesta nedlegging av nokon vidaregåande skule i fylket.

– Vi har ikkje gjort noko anna kuttvedtak enn vi har gjort i fylkestingsgruppa, og der ligg det ikkje inne noko kutt. Så får vi sjå korleis folketalsutviklinga blir. Eg håpar vi slepp å leggje ned nokon vidaregåande skule, seier Drabløs.

Må spare dei neste fem åra

Sogn og Fjordane fylkeskommune står framfor store økonomiske utfordringar dei neste åra på grunn av mindre inntekter på grunn av det nye inntektssystemet. Fylkeskommunen må spare difor inn 224 millionar kroner dei kommande fem åra.

– Vi må kutte på alle område slik det ser ut i dag. Men eg trur at med det som ligg føre, skal fylkeskommunen komme gjennom dette på ein god måte, seier Drabløs.

Han meiner det alltid er nyttig å gå gjennom det etablerte for å sjå om ein kan få meir ut av kvar einaste krone.

Vi har ikkje programfesta kvar vi skal kutte, seier Drabløs.

Har betre oversikt

Frp heldt i helga ekstraordinært fylkesårsmøte fordi dei skulle vedta fylkesprogrammet.

– Det er rett og slett fordi det er vanskeleg å vedta fylkesprogram i januar, seier Drabløs.

Han understrekar at det skjer mykje politisk om våren, og at partiet no har betre oversikt til å vedta eit fylkesprogram.