NRK Meny
Normal

Har ikkje pengar til elvesikring

Leikanger kommune er i villreie om korleis dei skal skaffe nok pengar til å sikre Njøsaelvi.

Elva flaumde over alle breidder i fjor, og lagde store skader. Kommunen hadde sett av 270.000 til sin del av sikringsrekninga på to millionar. Men eit nytt overslag frå NVE ligg på rundt 5 millionar. NVE har kravd at kommunen skal dekkje 40 prosent av dette.

Kommunen vil no diskutere spleiselag med staten og fylkeskommunen.