NRK Meny
Normal

Har ikkje lenger tid til elitespel

Nils Edvin Numme (27) er ein av landets beste volleyballspelarar. No har han bestemt seg for å leggje opp.

Nils Numme

LEGG OPP: Nils Edvin Numme vil ha meir fritid, og kuttar ut volleyball på toppnivå.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Eg har vore sikker på valet mitt lenge no: Eg legg opp, seier Numme til avisa Firda.

Nils Edvin Numme har gjennom ei årrekkje markert seg som ein av landets beste volleyballspelarar. Han har spelt ei rekkje landskampar, har vunne både serie og cup med Førde og er per i dag den tredje største poengplukkaren i eliteserien.

Så seint som i januar var Numme med på laget som først tok NM-gull på heimebane - og deretter vart Førde nordiske meistrar for aller første gong.

LES OGSÅ:

- Eg ønskjer rett og slett meir fritid. Volleyball på elitenivå kombinert med mykje reising som lærar på Sunnfjord Folkehøgskule tek mykje tid. Eg ønskjer å vere meir med kona mi, seier Numme til Firda.

Dei siste månadene har han dessutan vore plaga med så sterke smerter i skuldra, at han «har overlevd på sterke smertestillande».

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser