Hopp til innhold

Har ikkje fått kontakt med pårørande

Politiet held i dag fram etterforskinga av ekstremsportulukka i Aurland laurdag, der ein utanlandsk mann omkom.

Dødsulukke i Aurland

OMKOM: Ein utanlandsk mann omkom under speedriding i Aurland laurdag. Mannen landa på eit tak og datt deretter ned frå taket.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Politiet vil ikkje seie noko nærare om kor mannen er frå før dei har fått stadfesta at familien er varsla. Kripos har ansvar for dette. Ulukka skjedde i samband med speedriding, ei form for paragliding der ein flyg nærare bakken.

Det er gjennomført to avhøyr etter ulukka, men politiet er sparsame med opplysningar.

Vurderer obduksjon

– Vi kan ikkje gå i detalj på innhaldet der, men det vert, rutinemessig, oppretta ei undersøkingssak, og så vert det vurdert ein obduksjon i løpet av dagen, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen, som er talsmann for politiet.

Han seier det er naturleg å vurdere obduksjon.

– Det er blant anna for å eventuelt kunne gi familien svar. Det er opp til juristen å vurdere det ut frå det som kjem fram av saka, seier lensmannen.

– Ingenting tyder på teknisk svikt

Det er førebels ingenting som tyder på at dødsulukka skuldast teknisk feil eller svikt.

– Det har vi ingen opplysningar om. Slik eg har forstått det har det ikkje kome fram i nokre av dei to avhøyra som tyder på at det har vore teknisk svikt.

Politiet vil halde fram etterforskinga, men det viktigaste no er å få kontakt med familien, seier Knudsen. Det er førebels ikkje planar om å gjennomføre fleire avhøyr.