Hopp til innhold

Har ikkje brannbilar til høghusa

Mange kommunar og fylke manglar i dag stigebilar som kan nå dei høgste husa i tilfelle brann.

Video Mange kommunar manglar stigebilar

Sjå TV-saka då brannsjef Bernard Øberg testa brannbilen han ønskjer seg.

I Førde kommune i Sogn og Fjordane har etter kvart fått fleire på over 12-14 meter i sentrum, i tillegg til sentralsjukehuset. Hus som dei i dag ikkje har høge nok stigar til. I dag testa brannsjef Bernard Øberg ein bil som kan nå det meste.

– Ja, med dei bygningane vi har i Førde og det som er på veg, må vi ein dag ha ein slik bil.

Seks fylke manglar

Stigebilen som i dag vitjar Førde har ein stige på 32 meter. I dag er berre 20 slike bilar i heile landet. Seks fylke manglar heilt. I direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, seier avdelingsleiar Kari Jensen at dei einaste tilfella det er krav om stigebil er stader der gitt løyve til høghus med berre ein rømningsveg.

– Men ellers blir det ei vurdering av kva ein meiner er hensiktsmessig i forhold til å gjere ein innsats.

– Viktigast med gode bygg

For direktoratet er det viktigaste at hus har rømningsvegarar der folk kan evakuerast helst før brannvesene i det heile er komen fram.

– No snakkar eg veldig brannførebyggande, men det er viktig å ha eit godt og robust bygg. Brannar utviklar seg så raskt at det er viktig å ta vare på både folk og bygg for brannvesenet kjem.

Slit med store høgder

I det korga på stigebilen passerer 15 meter i Førde er vi allereie dobbelt så høgt som stigane til brannmeister Bernard Øberg når i dag.

– I dag slit vi med slike høgder. Med den sentrumsutviklinga vi trur skjer, må vi ha ein slik bil til Førde.

Får truleg bilen i 2014

Ein slik bil har ein prislapp på 5,5 millionar kroner.

– Det er bystyret sitt ansvar å sørgje for at vi har det naudsynte materiellet for å utføre arbeidet. I forhold til gjeldande økonomiplan skal vi få ein slik bil i 2014.