Hopp til innhold

Har ikkje bestemt seg for om han tek ein ny sesong

Florø-trenar Terje Rognsø har framleis ikkje bestemt seg for om han held fram som trenar.

Terje Rognsø

TEL PÅ KNAPPANE: Florø-trenar Terje Rognsø

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har fått det spørsmålet ganske ofte i det siste, men fir får sjå.

Det går no føre seg ein prosess i klubben for korleis det skal bli i framtida. Sjølv seier Rognsø at arbeidspresset blei for stort på han som trenar, når han i tillegg til full jobb utanom skulle ha ansvaret for tre seniorlag.

– Det var i alle fall eit for mykje. Dersom det blir lagt til rette for at eg kan levere det eg kan, og vi har lagt til rette for ei gruppe som framleis kan utvikle seg så er det gode moglegheiter for at eg held fram.

Utfordring for klubbane

– Det er nok eit utfordring for klubbane at dei ikkje har daglege leiarar, seier Jon Georg Rutledal i fotballkrinsen.

 Jon Georg Rutledal

KAN KUN GI RÅD: Jon Georg Rutledal i fotballkrinsen.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Er det noko krinsen kan bidra med for å gjere kvardagen lettare for klubbane?

– Vi kan nok ikkje betale for ein dagleg leiar i klubbane, det ansvaret må nok klubbane ta sjølve. Men vi prøver å hjelpe klubbane, og gi dei innspel på korleis dei kan skaffe seg økonomi, seier Rutledal.

Færre arbeidsoppgåver

I Florø er Terje Rognsø klar på kva som må til for at han skal halde fram som trenar for klubben.

– Vi må få på plass ein organisasjon som gjer at eg kan sleppe ein del av dei arbeidsoppgåvene som eg har i klubben i dag.