Hopp til innhold

– Alliansen vår er sterk, brei og god

FØRDE (NRK): Verken Høgre eller Regjeringa har bestemt seg for om Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda skal vere den nordlege hovudvegen mellom aust og vest. Dermed jobbar denne gjengen vidare.

F.v: Arne Bergsvåg, Jenny Føllin, Arnfinn Førsund, Oddvar Grøthe, Svein Tore Løkslid

STERKE SAMAN: F.v. Arne Bergsvåg, leiar samferdselsutvalet i Rogaland (Sp), Jenny Følling, leiar stamvegutvalet for E39 og fylkesordførar i Sogn og Fjordane (Sp), Arnfinn Førsund, dagleg leiar i Hordalandsdiagonalen, Oddvar Grøthe, leiar i interesseselskapet for RV52 og ordførar i Hemsedal (Sp) og Svein Tore Løkslid, fylkesordførar i Telemark (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Før jul bestemte samferdsleministeren at E134 Haukelifjell skal vere den eine av to hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet. Framleis er det ein intens dragkamp om kvar den nordlege hovudvegen skal gå, riksveg 7 Hardangervidda eller riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

Nikolai Astrup

SKAL BESTEMME SEG: – Eg er her for å få innspel til Nasjonal Transportplan, og kva prioriteringar vi skal gjere der. Eg meiner det er viktig at vi tenker heilskapleg og prioriterer prosjekt som byggjer regionar og bind regionar saman. Prosjekt som er bra både for transportnæringa og for folk flest i kvardagen, seier Nikolai Astrup.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På ein vegkonferanse i Førde i dag var mange auge retta mot Nikolai Astrup. Han er Høgre sin leiar for transportkomiteen på Stortinget, og blir dermed ein av dei viktigaste premissleverandørane for kva veg som skal veljast.

Han avviste rykta om at Høgre allereie har bestemt seg.

– Vi har eit ope sinn og ein open prosess, og tek med oss alle innspel.

Avgjerd kan kome i haust

Astrup viste til at Regjeringa har bede om ytterlegare ei konsekvensutgreiing, ei avgjerd blir først teken når den er klar.

– Avgjerda kan kome i haust, men kjem uansett i Nasjonal Transportplan som blir lagt fram over nyttår.

– Det viktige er at dette er prosjekt som skal binde saman Austlandet med heile Vestlandet, ikkje vere ein veg mellom Oslo og Bergen.

Står samla om vegkrav

Og ifølgje ein unik vegallianse er det beste for alle partar å velje riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, kombinert med E134 Haukelifjell og ein eigen arm frå Odda til Bergen. Sogn og Fjordane, Rogaland, Hardanger og Telemark står saman for å overtyde sentrale politikarar.

– Vi kjempar for ei god aust-vestløysing som tener eit samla Vestland. Vi ser dette i samanheng med E39, vegen som bind Vestlandet saman, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), som skildrar alliansen som sterk, brei og god.

Leiar i samferdsleutvalet i Rogaland, Arne Bergsvåg (Sp), og fylkesordførar i Telemark, Svein Tore Løkslid (Ap), delar trua på at dei står sterkare saman.

– Her handlar det om å stå saman om gode og samfunnsnyttige prosjekt som er viktige for heile regionen, seier Løkslid.

– God løysing frå Stavanger til Ålesund

Arnfinn Førsund, dagleg leiar i selskapet Hordalandsdiagonalen, veit at det er sterke krefter i Bergen som kjempar for vegen over Hardangervidda.

– Alliansar er viktige for å vinne fram. Greier vi å stå samla har vi store sjansar for å vinne fram med dei gode løysingane. Dette vil gje ei felles løysing heilt frå Stavanger til Ålesund, seier han.

Også femtemann i alliansen, Oddvar Grøthe, Hemsedal-ordførar og leiar i interesseselskapet for riksveg 52, har trua på at dei saman kan nå fram.

– Det trur og håpar eg.

Nikolai Astrup på talarstolen under vegkonferanse i Førde

VEGKONFERANSE: 70 deltakarar var med på den store vegkonferansen i Førde. På talarstolen stod mellom anna Nikolai Astrup, Høgre sin leiar for transportkomiteen på Stortinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK