NRK Meny
Normal

Så mykje mat lagar kjøkkenet på sjukehuset - kvar einaste dag

Kvar einaste dag blir det laga 2000 brødskiver, 70 liter suppe og 700 middagar ved Førde sentralsjukehus.

Når vi er sjuke er det ikkje alltid vi orkar å ete noko. Smakslaukane er kanskje ikkje heilt i godlune. Det er noko dei tilsette ved kjøkkenavdelinga på sjukehuset tenkjer mykje på. Målet er at dei som er sjuke skal få lyst å ete.

Kvar dag blir det laga 2000 måltid ved Førde sentralsjukehus. Kjøkkensjef Elin Haugen seier det er viktig å presentere maten på ein god måte.

– Det er alfa og omega. Det er difor vi har lagt oss på eit konsept der pasienten skal få velje sjølve. Det gjer vi ved at dei får smørje sin eigen mat. Dei som ligg på rommet sitt, får eit brett med mat og får det pålegget dei ønskjer, fortel ho.

2500 koppar med kaffi

Grytidleg om morgonen er det roleg i korridorane ved Førde sentralsjukehus. Utover morgonkvisten vaknar sjukehuset til liv.

Sjukehus er fylkets aller største arbeidsplass med 1100 tilsette. 75 prosent av dei er kvinner. Dei fleste av oss har eit forhold til sentralsjukehuset, anten det er som pasient, pårørande, besøkjande eller tilsett.

Mange skal ha mat og drikke og kvar einaste dag blir det drukke 2500 kaffikoppar og det blir servert opp mot 700 middagsporsjonar.

Full aktivitet i kjellaren

Klokka er berre halv seks då NRK.no stikk innom, men det er allereie full aktivitet i kjellaren der kjøkkenet ligg. Det luktar av nysteikt bakverk. Kvitkledde folk med hetter på hovudet jobbar effektivt med å lage frukostane klare.

Totalt i Helse Førde blir det servert 2000 måltid kvar dag. Det er fordelt på om lag 400 frukostar, 500 lunsjar, 400–700 middagar, 400 kaffimat og 400 kveldsmåltid...

(Artikkelen held fram under videoen)

Ved Førde sentralsjukehus blir det kvar dag drukke 2500 kaffikoppar og servert 700 middagsporsjonar. Her kjem det også inn nærare 200 telefonar i timen gjennom dagen. Bli med til fylkets største arbeidsplass.

SJÅ VIDEO: Førde sentralsjukehus er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Fotograf Ole Andre Rekkedal var på plass klokka 05:30 onsdag morgon, då sjukehuset vakna til liv.

Glad i å lage mat

Reidun Otternes har arbeidd ved kjøkkenet i 27 år. Ho starta dagen med å smørje 60 halve rundstykker.

– Dette er ein heilt vanleg start på dagen. Rundstykka skal snart opp i kantina. I tillegg skal vi smørje osteloffar og anna bakverk, seier ho.

Otternes trivast godt på kjøkkenet og får nye utfordringar heile tida.

– Eg er glad i å lage mat og likar meg godt her ved sjukehuset, seier ho.

På veggen heng eit kvit tavle der det er skrive med raud tusj. Det er viktig å halde oversikta over kva som skal skje.

– Der står alt som skal skje i dag og nokre dagar framover. Den brukar å vere full. Det er mange kurs og møter som også får mat frå oss, seier ho.

Sjefen for kjøkkenet, Elin Haugen, er også godt i gang med påsmøring av rundstykker.

– Eg hjelper til med å smørje til kantine og kafé, for dei opnar tidleg. Det er ofte stort trykk om morgonen og vi tykkjer det er viktig å ha eit godt utval i disken. Det kan vere nattevakter som vil kjøpe seg noko før dei går heim, eller det kan vere dei som byrje på jobb.

Får gode tilbakemeldingar får pasientar

Dei av pasientane som kan forlate rommet, kan gå til ein av pasientkafeane eller personalkantina.

– Pasientar skal sleppe å ete til sengs om dei klarer å stå opp. I kafeane er det frukost-buffet og dei kan ete det dei har lyst på, seier Haugen.

– Kva er tilbakemeldingane frå pasientane?

– Dei er berre gode. Vi legg godt til rette, og pasientar med dårleg matlyst kan få spesiallaga mat. Du kan til dømes få smoothie heile døgnet om det er det einaste du orkar.

– Korleis held du styr på at pasientane får det dei skal?

– Vi har kommunikasjon med pleiarar og som vanleg fungerer det veldig fint. Vi får ikkje tilbakemeldingar på store avvik i alle fall, seier Haugen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser