NRK Meny
Normal

Først velta ein hengar med septik, så sleppte bil ut septik i Volda - i går lak eine bilen olje

Miljøservice i Stryn har ikkje hatt nokre gode veker. For vel to veker kvelva ein hengar med septik på riksveg 5 i Naustdal. For fire dagar sidan sleppte ein septikbil lasta si i Volda sentrum. Og i går lak eine bilen deira olje, slik at ein veg måtte stengjast.

Kloakk på riksveg 5

HAMNA OPP NED: Hengaren fekk sleng og hamna opp ned på riksveg 5 i Naustdal for vel to veker sidan. Sidan har uhella stått i kø for Miljøservice i Stryn.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dette kjenner eg godt til, ja, sukkar marknadssjef Kristian Sandbakk til smp.no.

Torsdag kveld vart vegen mellom Valle og Magerholm i Møre og Romsdal stengd då det lak bil frå ein bil frå firmaet.

Men det er berre knappe to veker sidan ein annan bil frå firmaet fekk problem på det glatte føret på riksveg 5 i Naustdal. Hengaren fekk sleng og velta, noko som førte til at septikinnhaldet i containeren, enda på riksvegen.

Sleppte lasta midt i rundkøyring

For fire dagar sidan måtte ryddemannskap i Volda ta til på nok ein møkkajobb då ein septikbil sleppte ut lasta si i ei rundkøyring på E39 midt i sentrum.

Dette skuldast at den hydrauliske bakluka på hengaren opna seg ved ein feil, noko som førte til at store mengder med avføring rann ut i vegbana.

Torsdag var det altså olje som lak frå ein av bilane til Miljøservice.

Anar ikkje årsaka

– Kva som har skjedd, anar vi ikkje. Plutseleg oppdaga sjåføren at det var ei stripe bak bilen. Det må ha vore ein slange eller noko som har sprokke, seier Sandbakk til smp.no.

Han innrømmer at tre uhell på knappe to veker er både frustrerande og litt i meste laget.

– Vi brukar massevis av pengar for at utstyret vårt skal vere landets beste. Vi sit også på ein heilt ny bilpark. Det er klart dette er trasig, men kva skal vi gjere, seier Sandbakk.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå