NRK Meny
Normal

Har gjort karriere av frukostkunst

Ho har 95.000 følgjarar på bilettenesta Instagram, ho har vore gjest på britisk frukost-tv og no skriv ho bok. Frukostkunst har nærast blitt ei karriere for Ida Skivenes (29).

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin

POPULÆR: Å lage kunstverk av maten er ikkje eit nytt fenomen, men likevel har Ida Skivenes blitt kjend for kunstverka sine på kort tid. På berre tre månader har ho gått frå 36.000 til 95.000 følgjarar på bilettenesta Instagram der ho ofte legg ut bilete av frukosten sin.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

29-åringen som er oppvaksen i Hyllestad i Sogn og Fjordane, har etter kvart fått svært mykje merksemd for kunstverka ho lagar av frukosten sin.

Med eiga spalte på VG sine nye matsider på nett, samt to andre spalter og bok på veg, har Ida Skivenes nærast gjort karriere ut av hobbyen sin, nemleg å gjere frukosten om til mønster av dyr, kjende måleri og mykje anna.

– Det kjennest litt overveldande, men eg er jo veldig glad for all merksemda eg har fått både i Norge og i utlandet. Det er veldig spennande at så mange følgjer med på kva eg driv på med her på det vesle kjøkenet mitt. Ingen kunne forvente dette. Det var ikkje noko eg gjorde bevisst. Det var eigentleg berre eit tilfeldig bilete eg la ut på Instagram, og så heldt eg fram med det, seier Skivenes.

Live på BBC

Det har blitt mykje mediemerksemd rundt den såkalla frukostkunstnaren, men det toppa seg då ho var gjest i britisk frukost-tv via internett på laurdag.

– Eg var live inne frå mitt kjøken på BBC, så då intervjua dei meg og eg hadde laga noko som eg viste meg fram. Det var utruleg artig. Så det har vore ein del merksemd. I ettermiddag skal eg vere gjest i Ettermiddagen på TV2 i halv seks-seks tida, fortel 29-åringen som er busett i Oslo.

Artikkelen held fram under biletet.

Ida Skivenes lagar kunst av mat

SAUER: Legg to klattar med cottage cheese midt på eit fat. Del ei raud drue i to som ansikt, og bruk strimlar til bein, øyre og augepupill. Legg bitte litt cottage cheese som det kvite i auget, og legg den vesle druebiten oppå. Skjær ein kiwi på tvers, og legg nedst som gras. Del opp ein klementin i båtar og legg som fjell på toppen

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

At hobbyen hennar skulle bli så populær blant så mange, hadde ho ikkje trudd. Det har resultert i travle dagar.

– Det er først og fremst kjekt, men eg har jo framleis min faste jobb, så det er lite tid for meg å få gjort alt saman. No held eg på med ei bok som skal komme ut til hausten, så det tar mykje tid. Det er lett å bli overvelda over alle tankane i hovudet samstundes, seier ho.

Travel kvardag

I dag har Skivenes permisjon frå jobben i Statistisk sentralbyrå ein dag i veka for å skrive bok om frukostkunst, men ho kan ikkje utelukke at permisjonen vert utvida, eller at ho etter kvart vel andre vegar enn statistikk.

– Eg får eg sjå litt an korleis det vert framover. Men det er mogleg eg vil prøve meg på litt andre ting enn statistikk i framtida. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå det.

Artikkelen held fram under biletet.

Ida Skrivenes lagar kunst av frukosten sin

ISBJØRN: Smør eit lite polarbrød med kremost. Skjær opp olive i skiver for å lage auge, øyre, nase og munn. Skjær av tre bitar med raud paprika og legg det som eit skjerf. Kutt av to bitar av eit nytt polarbrød og form som potar, legg ved sida av ansiktet.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

I tillegg til å levere spalte for VG ein gong i veka, skriv ho også for magasinet «Foreldre og barn» samt for «Bokvennen», eit litterært magasin. Sjølv om det kanskje tidsmessig kjennest ut som om Skivenes har fått ei karriere på si, er det ikkje økonomi nok i det slik det er no.

– Finansielt sett ikkje så veldig lukrativt. Eg har nok ting å gjere i tida mi, men eg tener lite pengar på det slik det er no i alle fall. Så det er litt risikabelt å berre sleppe alt og satse på det no i første omgang. Eg må først finne litt meir stabile inntektsgrunnlag, seier hobbykunstnaren.

Gir ut bok om frukostkunst

Sjølv om ho er fullt klar over at ein ikkje vert millionær av å selje bøker i Norge, håpar ho likevel at boka kan vere eit bidrag til å gjere hobbyen til fulltidskarriere på sikt. Boka, som etter planen skal komme ut i august, vil hovudsakleg innehalde både gamle og nye bilete av ulike kunstverk laga av mat, men lesarane vil også få instruksjonar og litt bakgrunnsinformasjon.

– Vi håpar jo sjølvsagt at boka sel i bøtter og spann, og den kjem i både engelsk og norsk utgåve, så då har eg verdsmarknaden framfor meg. Så om den sel bra så er jo alt ordna, eigentleg, seier Skivenes.

Ho fortel at i ei travel tid har vener og familie gitt ho mykje støtte, men at det tek på å ikkje ha tid til å vere like mykje med dei som tidlegare. Ein travel kvardag har også fått Skivenes til å innsjå at til og med ho har grenser. Dermed blir det ikkje lenger kreative frukostar kvar dag.

– Eg må gi meg sjølv litt fred. Men eg synast framleis det er moro, og eg har mange nye idear til ny matkunst. Eg må berre få fokusert litt meir på det, og skulle ønskje eg kunne vere litt meir på kjøkkenet. No går mykje tid til å sitje ved PC-en eller sitje i telefonen, seier ho.

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin

LUE OG VOTTAR: Bak bollar sjølv eller skjær til brødskiver slik at dei ser ut som vottar. Legg på godt med raudt syltetøy og pynt med yoghurt i sprøyteflaske/pose. Skjær av ei skive appelsin eller grapefrukt så det ser ut som ei lue og legg eit blåbær på toppen.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.