Hopp til innhold

Redningsskøyta har gjort funn av vrakrestar

Leitemannskap har gjort funn av vrakrestar i området aust for Værlandet der det blir leita etter to menn som vart meldt sakna onsdag kveld.

Redningsaksjonen pågår med full styrke.

Redningsakson Værlandet

Mellom anna har mannskapet på redningsskøyta Halfdan Grieg funne eit teakbord som kan stamme frå båten dei to mennene var i. Det stadfestar skipper på redningsskøyta, Per Bergmann.

Dei to mennene i 40 og 60-åra melde litt over klokka 20 onsdag kveld om at fritidsbåten deira tok inn store mengder vatn i nærleiken av Lågøyna i Solund. Store ressursar var sette inn i søket, men klokka 09 torsdag er det framleis ikkje gjort funn.

Har redusert søkeområdet

– I natt og tidlegare i dag har vi leita i eit veldig stort område. Men vi har funne litt gjenstandar som kan stamme frå båten. No har vi redusert søkeområdet, så då leitar vi i nærleiken av der vi fann desse gjenstandane, seier Bergmann til NRK.no.

Leiteområdet vert no skrenka inn til området ved Geita fyr, aust for Værlandet. Og søket etter dei to mennene held fram med uforminska styrke utover dagen.

– No samanliknar vi elementa vi har funne med kvarandre for å sjå om dei kan stamme frå den same båten. Vi held fram søket utover dagen, så blir leiteområdet meir og meir konsentrert, seier skipper Per Bergmann.

Halfdan Grieg

LEITAR: Utsikta frå styrhuset på RS Halfdan Grieg torsdag ettermiddag.

Foto: Redningsselskapet

Leitar med store styrkar

Det er Hovudredningssentralen for Sør-Norge på Sola (HRS) som organiserer leitearbeidet på sjøen, og dei har no ei rekkje styrkar i aktivitet.

– Det er stort trykk i leiteaksjonen framleis, og det blir leita både frå lufta med fly og helikopter, og ei rekkje fartøy er i leiting på sjøen. Både redningsskøyte, kystvaktfartøy og sivile båtar, seier pressetalsmann for HRS, Anders Bang Andersen, til NRK.no.

Driv også strandsøk

– I tilllegg er det mannskap frå Røde Kors Hjelpekors som er i gang med å undersøke strandsonene i dei aktuelle områda, opplyser Andersen.

– Dei to har vore sakna sidan i går kveld. Kor stor er sjansane no for å finne dei i live?

– Eg kan ikkje vurdere det. Men det er klart at her er det eit tidselement inne i bildet. Det er viktig i høve om dei sakna personane er i sjøen eller har kome seg på land, sler pressetalsmannen fast.

Sivilforsvaret opplyser at dei har 38 personar i innsats i strandsøket. Dette er mannskap frå Askvoll, Førde og Florø.