NRK Meny
Normal

Mann og kvinne sikta for lekamsskading

Politiet har starta avhøyr av dei involverte i valdsepisoden i Florø. Det er førebels uvisst om dei to sikta blir framstilt for varetektsfengsling.

husbråk florø havreneset

UTRYKKING: Politi og ambulanse rykte ut til ein privat bustad i Havreneset i Florø der det var meldt om bråk. Biletet er teke ein annan stad enn ved det gjeldande huset.

Foto: Eivind Hauge

Ein mann (43) og ei kvinne (42) får behandling ved Førde sentralsjukehus etter episoden som fann stad på ei privatadresse i Florø skjærtorsdag.

Politiet vil førebels ikkje seie noko om hendingsgangen, anna enn at det er nytta slagreiskap.

– Vi har avhøyrt den fornærma kvinna, og den sikta kvinna. Måndag vil vi avhøyre dei to andre, samt gjennomføre vitneavhøyr, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kjenningar av politiet

Alle dei fire involverte er såkalla kjenningar av politiet, men politiet vil ikkje kommentere på kva måte. Dei vil heller ikkje kommentere kva som så langt har kome fram i avhøyra.

Den 43 år gamle kvinna er alvorlegast skadd. Situasjonen er stabil, men ho får behandling på intensivavdelinga. Det er uvisst kva type skader det er tale om.

– Dei to er sikta for brot på Straffelova § 229, lekamsskading. Først når alle er avhøyrde ut på morgondagen kan ein seie noko meir om kva som skjer vidare, seier Hatlenes.

Politiet kan halde på dei to i 48 timar før dei må sleppast fri eller framstillast for varetekt.

Det var i 11-tida at politiet fekk fleire meldingar om bråk i huset. Meldingane eskalerte i alvorsgrad. Gjerningspersonane vart pågripne fire timar seinare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.