Hopp til innhold

Har gjennomført seks avhøyr i valdssak mot politimann

Møre og Romsdal politidistrikt reknar med å vere ferdig med etterforskinga av saka i løpet av slutten av september.

Ålesund politistasjon

SETJEPOLITIMEISTER: Saka vert etterforska ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Politimannen, som jobbar i Sogn og Fjordane, er under etterforsking for vald mot sambuaren sin. Saka vart meld i april i år. Det var Firda som først skreiv om saka.

Sidan eit politidistrikt ikkje kan etterforske sine eigne tilsette, vart Møre og Romsdal politidistrikt utnemnd som setjepolitimeister.

– Eg kan stadfeste at vi nærmar oss slutten på etterforskinga. Truleg kan vi anten komme med innstilling til Statsadvokaten eller konkludere med at saka vert lagt vekk i løpet av månaden, seier politiadvokat og påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt, Kirsti Hammerø, til NRK.

Ventar på utfallet av etterforskinga

Til no er det gjennomført avhøyr av den mistenkte politimannen, sambuaren, to born, samt to andre personar.

Visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden, stadfestar at han kjenner til saka.

– Saka vert handsama av eit anna politidistrikt. Vi må handsame dette på ein korrekt måte, og sjå kva som kjem ut av etterforskinga, seier Iden.

Gav ikkje grunnlag for reaksjon

Politimannen er ikkje teken ut av teneste.

– Meldinga mot mannen gav ikkje grunnlag for nokon reaksjon. Men det følgjer av påtaleinstruksen at dersom dei tek ut tiltale, så kan det få konsekvensar for jobben til tenestemannen. Men vi må sjå kva som kjem fram i etterforskinga, og om det er av ein slik art at vi må reagere, seier Iden.

NRK har vore i kontakt med polititenestemannen, som ikkje ønskjer å kommentere saka.