NRK Meny
Normal

Har gitt opp kampen for Vassenden

Ordførarane i Jølster, Gaular, Førde, Naustdal og Florø godtek nedlegging av den vidaregåande skulen på Vassenden. Det gjer også dei tilsette.

I januar i år gjekk innbyggarar og politikarar i fakkeltog mot nedlegging av den vidaregåande skulen på Vassenden i Jølster. 
Men no har ordføraren snudd og vil flytta faga til Førde. Og han får støtte av lærarane ved skulen.

SJÅ TV-SAKA: Ordførarane godtek nedlegging av den vidaregåande skulen på Vassenden.

Kraftig nedgang i elevtalen og mindre inntekter, gjer at fylkeskommunen ser på strukturen i den vidaregåande skulen.

Mellom tre og sju av dagens 13 skular står i fare for å bli lagde ned. For Mo og Jølster si avdeling på Vassenden har vore trua fleire gonger. No ser det ut til å vere slutt.

– Vi har hatt mange rundar på dette. Men det har ikkje vore lett å finne støtte hos fylkespolitikarar eller andre for å behalde denne avdelinga, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster til Firda.

Flytta til Førde

Saman med ordførarane i Gaular, Førde, Naustdal og Florø har han no signert eit innspel der dei aksepterer at tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag blir flytta samla til ein annan vidaregåande skule i Sunnfjord. I praksis til Førde.

Klakegg seier til avisa at det er eit absolutt krav at også andre regionar reduserer.

– Det er heilt uaktuelt å flytte desse tilboda ut av regionen, ettersom dette er med på skape ein ubalanse mellom elevplassane, sett i eit fylkesperspektiv, heiter det i uttalen.

Aksept på skulen

Ordføraren i Jølster er imponert over dei tilsette ved skulen, som har akseptert at det no går mot nedlegging – og flytting til ein annan skule.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ole Johnny Devik

INNSTILT PÅ FLYTTING: Tillitsvald Ole Johnny Devik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er innstilte på å flytte til Førde som eit samla fagmiljø, seier tillitsvald i Undervisningsforbundet, Ole Johnny Devik til Firda.

– Med gangavstand til kunstmuseet, mediebedriftene og lærebedriftene, kan flyttinga kanskje bli på grensa til å vere positiv, held han fram.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser