Hopp til innhold

Flåmsbana viktig for kommunen - ordførarar håpar på semje

Ein ny avtale om drift av Flåmsbana er viktig også for kommuneøkonomien i Aurland.

Noralv Distad
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sist veke kom det fram at forhandlingane mellom NSB og Aurland Ressursutvikling har stranda. Partane har i årevis drive bana saman, men no ser det ut til at NSB skal drive den vidare åleine.

Det vil gjere sitt innhogg også i kommuneøkonomien i vertskommunen Aurland. Drifta av Flåmsbana har nemleg dei siste åra gitt millioninntekter til turistbygda, men også til kommunen.

– Som aksjonær har vi fått utbyte frå Aurland Ressursutvikling og sjølvsagt har det vore eit kjærkome bidrag til kommuneøkonomien, seier ordførar Noralv Distad (Høgre).

– Enorme verdiar

Sidan 1998 har selskapet Flåm Utvikling drive turistattraksjonen Flåmsbana. I den perioden har trafikken auka kraftig, og bana har blitt ei gullgruve.

Berre frå 2009 til 2011 bidrog dei med 70 millionar kroner til resten av konsernet.
Det har morselskapet Aurland ressursutvikling, samt fleire av dei andre dotterselskapa som Fretheim hotell kunne nyte godt av.

– Det skapar enorme verdiar lokalt for næringslivet. Ikkje berre for Aurland, men for heile Sogn og Fjordane og heile Vestlandet, seier Høgre-ordføraren i kommunen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsbana vinterstid (montasje)

VIKTIG: Flåmsbana er ein svært viktig turistattraksjon i sognebygda.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Ser ikkje noko anna alternativ

Men også kommunebudsjetta har fått sitt. Aurland Ressursutvikling har bidrege med 8 millionar kroner i utbyte til kommunen berre sidan 2009.

Distad seier dei må få på plass ei ny avtale med NSB.

– Eg har berre det som siktemål. Eg ser ikkje noko anna alternativ enn at vi kjem fram til ei løysing, seier han.

Meiner partane treng kvarandre

Forhandlingane med NSB stranda i førre veke, men torsdag skal partane møtast i Oslo. Styreleiar i Flåm Utvikling, Ivar-Bjarne Underdal, er overtydd om at dei skal kome til ei semje. Han meiner partane treng kvarandre.

– NSB er tradisjonelle og solide på å køyre tog, medan vi har utvikla eit produkt og ein marknadsportefølgje på desse 15 åra. Dette samarbeidet har framleis potensial for vekst framover, seier Undredal til NRK.no.