NRK Meny

Har gitt 470.000,- til idrettslag

Vik Sparebank har markerer seg igjen som ein viktig bidragsytar for idrettslaget i kommunen. No har styret i banken bestemt seg for å gje Vik IL nye 50.000 kroner, som mellom anna skal gå til oppgradering av aktivitetsparken. Med dette har sparebanken bidrege med nær 500.000 kroner til idrettslaget i løpet av 2015. – Vik IL bidreg til god folkehelse, idrettsglede og opplevingar, skriv banken om bakgrunnen for løyvinga.