Sogndal er inne i ein bølgjedal som aldri ser ut til å ta slutt. Dei ni kampane sidan
12. juni, har gjeve fattige to poeng.Etter Brann sin kalassiger over Strømsgodset laurdag kveld, er Sogndal no på nedrykksplass.
- LES OGSÅ:
– Vi er ekstremt innbitne og veldig lystne på å ta dette. Det er bra guts om dagen, så eg ventar å sjå eit Sogndal-lag med mykje guts, seier midtbanespelar Rune Bolseth.
– Vi har prestert bra
Poengfangsten dei siste tre månader er ikkje noko eit lag kan vere nøgde med. Samstundes vel midtbanespelaren å sjå bak resultata. I fleire kampar har Sogndal vore spelemessig på høgde eller betre enn motstandarane. Fire av kampane har enda med eittmålstap.
(Artikkelen held fram under biletet)
Bolseth meiner det er mykje som tilseier at trenden vil snu – kanskje allereie i kveld.
– Vi har hatt nokre dårlege kampar, men elles tykkjer vi har prestert bra desse tre månadane, utan å klare det viktigaste; å score og hindre mål. Det er småting og marginar som skal til før det blir trepoengarar att, seier han.
Marginane
– Men dette er slikt som blir sagt før kvar kamp. Kvifor får de ikkje retta på det?
– Det er vanskeleg å seie. Det å sette sjansane er noko vi jobbar med heile vegen. Men i det siste har ballen gått i stanga eller i tverrliggaren i staden for i mål. Det er ikkje tvil om at marginane før eller seinare vil komme på vår side.
– Eg håpar vi får det til mot Aalesund, held Bolseth fram.
Var svakare i fjor
– Men tre månader utan siger, blir de ikkje påverka av det?
– Til ein viss grad tek det på å gå så lenge utan å vinne, men eg føler likevel at det er bra stemning i laget og bra trykk på treningane. Eg håpar det snur.
- LES OGSÅ:
– Vi hadde ein dårleg periode i fjor også, men då tykte eg vi var svakare spelemessig enn vi er no. Vi har hatt marginar mot, samstundes som vi ikkje har vore dyktige nok i avgjerande situasjonar i begge endar av bana, seier Bolseth.
Sjansar for poeng
– Ein skal heller ikkje gløyme at vi etter ferien møtte Molde, Viking, Rosenborg, Odd og Strømsgodset i dei fem første kampane, held Bolseth fram.
Med unntak av Viking er alle laga i medaljekampen. Molde er serieleia, med Odd på andreplass. Med unntak av Vålerenga og Molde, står Sogndal att med seks kampar mot lag på nedre halvdel av tabellen.
– No går vi inn i ein fase der vi møter lag som ligg på midten og nedover, så i utgangspunktet skal det vere større sjanse for å plukke meir poeng i denne fasen av sesongen, legg han til.
Har trua på siger
Statistisk sett må Sogndal ha 30–35 poeng for å fornye kontrakten i eliteserien. Med 20 poeng og åtte kampar att av sesongen, har ikkje Sogndal rom for mange feilskjær.
– Vi må vinne fire kampar, og nokre uavgjort, det ser vi på som fullt mogleg. Vi har planar om å ta den første mot Aalesund, seier Bolseth.
Tangotrøyene har vunne tre av sine fem siste kampar.
– Men vi er heime, og Aalesund er ikkje noko stort bortelag. Dette er ein kamp vi absolutt har ambisjonar om å ta tre poeng frå, avsluttar Bolseth.