Hopp til innhold

Konsentrerer jervejakta om eitt område etter nærkontakt

Eit fellingslag har truleg hatt nærkontakt med jerven som herjar i fjellområda i Sogn. Så langt har bøndene funne over 30 sauekadaver.

Sau drepne av jerv

KADAVER: Det er så langt funne over 30 sauekadaver etter det som truleg er ein jerv sine herjingar i fjellområda mellom Årdal og Lærdal.

Foto: Naddvik beitelag

Ei fellingslag er i natt på nytt i fjellområda mellom Lærdal og Årdal på jakt etter truleg ein jerv som har forsynt seg frå beitande saueflokkar.

I helga hadde eit fellingslag nærkontakt med jerven i det aktuelle området.

– Det var for mørkt til at dei kunne sjå kva som skjedde, men morgonen etter låg det fleire kadaver på staden, seier vikarierande fellingsleiar, Finn Olav Myhren.

Strategisk stad

Fylkesmannen har gjeve fellingsløyve og jegerar frå fylkesfellingslaget har siste tida vore ute kvar natt for å sjå etter rovdyret. Kring 400 sauer beiter i området jakta no blir konsentrert om.

– Det har vore nære på, og det er det etter vårt omgrep rett å bruke relativt få folk på strategiske stader. Ein må vere der sauene er, fortel Myhren og ventar at jakta, dersom ein ikkje får felt jerven, vil gå til fellingsperioden er over.

– Fellingsløyvet blir truleg også utvida om det blir funne fleire skadde eller drepne dyr, legg han til.

– Ikkje umogleg

– Jerven er vanskeleg å få tak på, men det er ikkje umogleg. Det viser den nærkontakten som var førre helg, seier Myhren.

Rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, Rein Arne Golf, seier det ikkje er noko som tyder på at det er fleire enn ein jerv i området.

– Men det er litt uventa at dette skulle skje no. Vi var på sporing i vinter og då såg vi ikkje spor. Dette viser kor uviss situasjonen er, seier Golf.

Fryktar større tap

Leiar i Naddvik Beitelag, Ole Bjarne Hovland, har tidlegare sagt til NRK.no at han fryktar at tapstalet kan stige . Golf gir han medhald i dette.

Etter vedtak frå staten skal det ikkje vere faste førekomstar av gaupe, jerv, ulv og bjørn i Sogn og Fjordane.

– Tapet kan nok stige. Jerven haustar til vinteren i juli/august, så det er framleis litt tidleg, seier han.