NRK Meny
Normal

Har funne mannen som skal rydde i rotet

Organisasjonane for funksjonshemma i Sogn og Fjordane får etter alle solemerke ny leiar. Han er alt i gang med å rydde opp etter det førre styret.

Thorodd Cock

KAN BLI NY LEIAR: Carl Thorodd Cock kan i helga bli vald til ny leiar i FFO i Sogn og Fjordane.

Foto: Skjermdump / Facebook

Det er 74 år gamle Carl Thorodd Cock som no er innstilt til å ta over som leiar i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i Sogn og Fjordane (FFO). Han overtek etter Gerd Bjørkedal, som saman med resten av styret blei avsett av FFO sentralt tidlegare i vinter.

– Det er kome opplysningar som for oss skildrar ein krevjande situasjon i FFO Sogn og Fjordane. Dette har ført til at FFO sitt hovudstyre har sett fylkesstyret under administrasjon, for å få innsikt og kontroll på den administrative og økonomiske situasjonen, sa FFO-leiar i Norge, John Berg-Jensen til NRK i februar.

Meiner Cock er rett mann

Men også Carl Thorodd Cock, som no seglar opp som ny fylkesleiar, sat i styret som fekk sparken etter rot. Leiar i valnemnda, Audun Nedrebø, seier til NRK at dei meiner Cock er den rette mannen for jobben.

– Men eg har forstått det slik at det er ein del organisasjonar som meiner at det er feil. Slik vi oppfattar det så har han vore ein sentral person i å rydde opp i det som har vore. I samråd med FFO sentralt så landa vi på han, seier Nedrebø.

– Dette er ei vond sak

Carl Thorodd Cock vil sjølv ikkje kommentere noko før årsmøtet, det vil heller ikkje avgått leiar Gerd Bjørkedal.

Då saka blei offentleg kjend stadfesta Bjørkedal at ho blei pålagt å trekkje seg som leiar.

– Eg kan ikkje kommentere saka, utover at dette er ei vond sak, sa Bjørkedal i februar.

Valnemnda har stilt inn følgjande personar til det nye styret i FFO:

Leiar: Carl Thorodd Cock NRF, Borgund.

Nestleiar: Anita Æsøy NRF, Florø.

Økonomiansvarleg: Jostein Bildøy HLF, Førde.

Styremedlem: Majken Rygg, Blindeforbundet, Sandane.

Styremedlem: Line Blålid, EDS og Måløy.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå