Hopp til innhold

Har funne kopar i nedlagt gruve

Etter å ha prøvebora i ei veke, har eit engelsk gruveselskap funne det dei leitte etter i ei nedlagt gruve i Askvoll.

I nesten et århundre har lyden av hammer og borr vært vekke fra kobbergruvene i Askvoll. Men nå kan den åpnes igjen, for etterspørselen etter metall gjør gamle gruver interssante igjen.

DEI FØRSTE PRØVANE: Geolog David Hakes med dei første prova på at det framleis er metall att i gruva i Askvoll. Foto/Redigering: Steinar Lote

Prøveborring i nedlagt Askvoll-gruve

PRØVEBORAR: Tungt utstyr er på plass for å hente opp lange sylinderforma prøvar frå fjellet under bakken.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Her kan de sjå koparen vi håpte på å finne, seier David Hakes og viser fram prøvar av det brune metallet.

Han er geolog i det det britiske selskapet Kodal Mining og er for tida på plass på Grimeli i Askvoll med utstyr og personell – på jakt etter drivverdige førekomstar av kopar og sink.

– Vi har funne eit meterbreitt lag der det er både kopar og sink, konstaterer geologen.

Gruvedrift i tre epokar

250 år etter at dei første kopargruvene i Grimeli i Askvoll vart opna, er det starta prøveboring i dei nedlagde gruvegangane.

Frå kjøkenglaset sitt kan 78 år gamle Dag Bentås følge ivrig med.

– Det er verkeleg moro. I heile mitt vaksne liv har eg tenkt på kva som måtte vere att av koparkis i berggrunnen her, seier han til NRK.

Kopar- og sinkprøver frå Askvoll-gruve

KOPAR OG SINK: Her ligg nokre av metallprøvene som er henta opp frå den gamle gruva i Askvoll.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det har i tre periodar på til saman over 50 år vore gruvedrift i Grimeli. I 1759 opna «Grimmeliens Kobberværk» den første gruva som dei dreiv fram til 1776. Den neste driftsperioden varte frå 1854 til 1883, då om lag 50 mann jobba i gruva. Siste driftsperiode var frå 1916 til 1920, då dei måtte innstille på grunn av for mykje vatn i gruva.

Dag Bentås

HÅPAR PÅ NY DRIFT: Nabo Dag Bentås bur like ved den nedlagt gruva. Både oldefaren, bestefaren og faren jobba i kopargruva i Askvoll.

Foto: Steinar Lote / NRK

Bentås sin oldefar hadde erfaring frå gruvedrift i Trøndelag, og byrja å jobbe i gruva i Grimeli rundt 1860. Både bestefaren og faren hans jobba også i gruva.

– Dei sa det var største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane den gongen, fortel 78-åringen som i dag er nærmaste nabo til gruvegangane som går 90 meter ned i fjellet.

Grimelia i Askvoll

VAR STOR ARBEIDSPLASS: Her i Grimeli i Askvoll har det i tre periodar vore gruvedrift.

Foto: Steinar Lote / NRK

Prøveborringa avgjer

No skal mannskapa frå Kodal Mining kartlegge om førekomstane som er att er drivverdige for kommersiell gruvedrift. Så langt er David Hakes nøgd med resultatet.

– Vi har gått gjennom planane for den gamle gruva og håpar å finne kopar og sink. Dersom vi finn noko av ein viss storleik, blir vi sjølvsagt veldig glade.

Kor vidt det vil bli ny drift på Grimeli, er likevel uvisst.

– Det at det var ei gruve her, er eig godt teikn. Men det er enno altfor tidleg å seie sikkert, fastslår Haykes.

Men bak kjøkenglaset like ved borerampa lever Dag Bentås i håpet.

– Viss vi kunne få nokre hender i arbeid her, ville det vore veldig kjekt, smiler 78-åringen.

Grimeli i Askvoll