Hopp til innhold

Har funne fem sauekadaver - fryktar jervetapa kan bli endå større

Jegerar er no på veg inn i fjellområdet mellom Lærdal og Årdal etter at det er stadfesta funn av fem sauekadaver. Kadavera har tydelege spor etter jerv.

Blåsarbåten

– Ein av rovviltkontaktane våre har vore inne i fjellområda mellom Lærdal og Årdal og sett på fem kadaver. Alt tyder på at det er jerv som har teke dei sauene, seier rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf.

Dei fem kadavera er funne vest i fjella mellom Lærdal og Årdal, rundt Blåsaren og Storvatnet.

Spor på kadavera tyder på at det er ei stund sidan jerven var på ferde.

– Kadavera er ikkje heilt ferske, seier Golf.

Var nedgravne i myr og vatn

Kadavera har typiske teikn for jerveåtak.

– Det som er typisk for jerven er nakkebitet med kraftige knusingar i nakkevirvlane. Det er det som gjer at vi klarar å skilje jerven som skadejeger frå andre årsaker, seier Golf.

Han fortel at kadavera var delvis nedgravne i myr og vatn.

– Det er også eit typisk teikn på at det er jerven som har gjort det, seier Golf.

Dei fem kadavera er funne i eit avgrensa område, og det er grunn til å tru at det er same jerv som har vore på ferde.

– Vi ber dei som har sau i området om å sjekke sauene sine. Jerven vil gå over heile fjellområdet på ein dag, så det kan vere kadaver andre stadar i fjellet som ikkje er funne ennå, seier Golf.

Kan vere over alle haugar

Naddvik beitelag har søkt om skadefellingsløyve, men Golf trur det kan verte krevjande å finne jerven.

– Nei, sidan det ikkje er heilt ferskt, kan jerven vere over alle haugar, seier Golf.

Han peikar på at jerven flyttar seg raskt over svært store område.

Rein Arne Golf

IKKJE FERSKT: Rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, seier det kan bli vanskeleg å finne jerven, då kadavera ikkje var ferske.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Han kan trekkje austover til Oppland att, eller nordover eller innover mot Luster. Også sørover kan han ta vegen, seier Golf.

Til no i år er det teke ut to jerv på ekstraordinært uttak, i tillegg til at ein jerv er registrert som trafikkdrepen.

Turgåar fann lam i elv

Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, stadfestar at beitelaget er i full sving etter at meldinga om jervedrepne lam kom.

– Vi fekk melding søndag frå ein turgåar som hadde funne eit lam som låg i ei elv. Dette vart sjekka ut av gjetarane våre tysdag og dei fann fleire lam. Vi ante ugler i mosen og kontakta rovviltkonsulenten. Han har vore inne og sjekka det ut, og stadfestar at det er jerv som har vore på ferde, seier leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland.

Ole Bjarne Hovland

TRIST: Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, seier bøndene er frustrerte. Vel 800 sauer er utsleppte i området der sauekadavera er funne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Onsdag kveld er ein i full gang med å få fellingslaget i gang.

– Vi må også få informert alle saueeigarane og få folk ut i terrenget for å eventuelt finne fleire kadaver og spor etter jerven, seier Hovland.

Kadavera er funne i Naddvik beitelag sitt beiteområde som ligg litt inn i dalen som går inn frå Naddvik i Årdal.

– Det er i Blåsarbåten-området, seier Hovland.

Hadde store tap i 2007

Dei siste sauene er akkurat sleppte ut, og totalt går det om lag 800 sauer som beitar i området.

– Det går også sauer frå Lærdalsområdet som beitar inn mot området frå andre sida, seier Hovland.

Sauebøndene i området har også tidlegare vore plaga med jerv i området.

– Vi har fleire gonger tidlegare opplevd store tap. Spesielt i 2007 då det var ei yngling i området. No fryktar vi det verste, seier Hovland.

Det er fleire år sidan det vart teke ut jerv i området.

– Vi hadde ein god del jerveskade i 2011, og vi har hatt ein god del meir tap enn andre stadar i indre Sogn, så vi har vore usikre om det har vore jerv her hjå oss. Men vi har ikkje hatt noko sikkert å gå etter, seier Hovland.

Håpar å ha løyvet i morgontimane

Beitelaget har onsdag ettermiddag sendt søknad om skadefellingsløyve.

– Vi ventar på svar, men vi reknar med at løyvet kjem ganske raskt torsdag morgon. Vi sender inn jegerar i området i kveld for å vere klar, seier Hovland.

Han legg til at sjansen for at ein får ei felling på løyvet er liten, for jerven er ein vanskeleg kar å få has på.

– Men vi får iallfall folk inn i området og får avdekt kor stort skadeomfanget er, seier Hovland.

Han legg ikkje skjul på at det er ein tung situasjon.

– Det er forferdeleg trist. Vi har nett fått ut dyra våre, dei siste vart køyrde opp måndag. Og så skjer dette no som vi har hatt litt lite uttak i vinter. Det er iallfall fire jervar i Sogn som ikkje vart tekne ut i vår. Det er trist i eit område der det ikkje skal vere jerv. Vi er veldig frustrerte, seier Hovland.