Hopp til innhold

Har funne farten til gjenstand

Ei ny videoanalyse konkluderer med at det mest truleg var eit periskop ein person såg i Dalsfjorden påska 2016, skriv nettstaden aldrimer.no. Eksperten som har studert videofilmen, konkluderer med at gjenstanden heldt stødig kurs i fem knop og at den bevega seg konsekvent langs dei djupaste punkta i fjorden. Eksperten seier det kan vere snakk om både ein bemanna ubåt eller ei ubemanna undersjøisk drone. Forsvaret har tidlegare avvist at det var ein ubåt i Dalsfjorden.

Mogleg ubåt i Dalsfjorden
Foto: aldrimer.no