NRK Meny
Normal

Her har dei funne 17 daude hjortar siste månaden

Vinteren har vore tøff for hjortebestanden i Måren i Høyanger.

Måren

FOR LITE MAT TIL HJORTEN: Jan Folke Pettersson eig bruket med den grøne bøen - Espeskog. Der har han sett mykje hjort denne våren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den siste månaden har dei funne 17 daude hjortar, fortel Jan Folke Pettersson, som eig eit gardsbruk i Måren og brukar mykje av fritida si der.

– Det er ikkje tvil om at det er for mykje vinterbeitande hjort i Måren. Når hjorten først kjem til Måredalen om hausten kjem han seg ikkje derifrå på grunn av veldig mykje snø i fjellet.

– Då blir han verande i Måren, og med så mykje snø som er i fjellet så har alle trekt ned, og der er det ikkje beitegrunnlag for så mange dyr, seier Folke Pettersson.

Lokalt fenomen

Men det kan sjå ut til at dette er eit lokalt fenomen. For elles i fylket er det ikkje rapportert om mykje sjølvdauda hjort, seier ettersøksleiar Rudi Sønnervik.

Magnus Frøyen på Norsk Hjortesenter på Svanøy seier dei hadde rekna med at ein god del hjort ville bukke under i vinter og vår på grunn av all snøen, men så langt ser det ikkje ut til at det har slått til.

Hjort/Rudi Sønnervik

LITE ELLES I FYLKET: Ettersøksleiar Rudi Sønnervik har ikkje fått rapportar om særleg mykje sjølvdauda hjort.

Foto: Svanhild Asheim Smedmann /Oddleif Løset, NRK

Mykje hjort på innmark

Men i delar av Sogn og Fjordane er det svært mykje hjort som har trekt ned på innmark. På Lindane i Balestrand kommune har Oskar Linde talt flokkar på opp mot 50 dyr, skriv Sogn Avis. Men daude dyr er det lite av der.

Linde seier til NRK at han har funne ein kalv som er sjølvdauda. Men det har gått hardt ut over skogen og dei frukttrea og bærbuskene som ikkje er inngjerda.

– Kan telje ribbeina

I Måren meiner Jan Folke Pettersson at stammen er for stor, og at det difor bør skytast fleire dyr når jakta tek til komande haust.

– Det er iallfall mi meining. No har eg vore i Måren i tre veker. Eg har sett på hjortane kvar dag, både morgon og kveld. Eg sit på kjøkkenet og ser i kikkert på dei rett oppi hagen, og då kan eg telje ribbeina på mange av dei. Så det er tydeleg at det er lite mat til dei.