Hopp til innhold

Har frigjeve namnet på kjærasteparet som omkom

Det var Wahid Babaie (19) og Ida Tahooni Kivi (18) frå Florø som omkom i den tragiske utforkøyringa i Selje før helga.

Dødsulukke ved Røyrvikneset i Selje.

OMKOM: I samråd med familiane til dei to omkomne ungdomane, har politiet offentleggjort namna deira.

Foto: Inge Skavøypoll

Politiet opplyser at namna blir offentleggjort i samråd med familiane.

Blomster og lys

BLOMAR: Vener og medelevar av ungdomane sette laurdag ned blomar og lys ved ulukkesstaden.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ungdomane vart meldt sakna fredag og etter ein leiteaksjon ved fylkesveg 618 vart ungdomane funnen omkomne i bilen på ni meters djupne i fjorden ved Røyrneset. Begge var elevar ved Måløy vidaregåande skule i Vågsøy.

Ved skulen var det laurdag og søndag open skule for tilsette og medelevar . Det blir også ei minnemarkering ved skulen måndag.

Dødsulukka er den fjerde på få år som har råka ungdomsmiljøet i Florø. Sidan 2013 er fem ungdomar knytt til kommunen rivne bort i trafikkulukker .

– Det er ei ufatteleg tragedie som har råka kommunen. Ei ufatteleg tragedie at ungdomar på 18 og 19 år brått blir rivne ut av lokalsamfunnet. Det er to unge menneske som står på terskelen til vaksenlivet, det er eit kjærastepar som kanskje hadde tankar om korleis livet framover skulle bli, men som tragisk nok ikkje er blant oss lenger, sa ordførar Ola Teigen (Ap) til NRK laurdag.