Hopp til innhold

Har frigitt namnet på mannen som omkom

Politiet har laurdag frigitt namnet på mannen som omkom i båtulukka i Gulen i går. Fleire av dei skadde er i nær familie med den omkomne.

Ulykkesbåt Utkanfestivalen Gulen

OMKOM: Ein 67- år gamal mann omkom i ulukka der ein fritidsbåt køyrde på ein holme mellom Skjerjehamn og Eivindvik i Gulen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det var den 67 år gamle Asbjørn Nordgulen som omkom i båtulukka i Gulen, natt til fredag, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Namnet er frigitt i samråd med familien.

Ulukka skjedde i 01-tida natt til fredag då ein fritidsbåt med fem personar om bord køyrde på ein holme i Kiparsundet. Båten var på veg frå Utkantfestivalen i Skjerjehamn til Eivindvik.

Dei fire andre om bord vart alle sende til sjukehus etter ulukka. To kvinner i 30-åra er alvorleg skadde, medan ein mann i 40-åra og ei kvinne i 50-åra blir skildra som lettare skadde.

Politiet opplyser laurdag at det var sonen og sambuaren til den omkomne, og i tillegg to nære venner av familien som vart skadde i ulukka. Alle er heimehøyrande i Nordgulfjorden i Gulen. Dei skadde er framleis på sjukehus, skriv politiet i pressemeldinga.

Kriminalteknikarar frå Vest politidistrikt gjorde fredag undersøkingar på ulukkesstaden. Ingen av dei skadde er til no avhøyrde.

Lensmann Ivar Holmaas i Gulen, Masfjorden og Solund sa fredag til NRK.no at deira arbeid vil halde fram.

– Det viktigaste no er å vareta dei som har vore involvert i ulukka og dei hjelpemannskapa som var i aksjon i natt.