Hopp til innhold

Har frigitt namnet på den omkomne

Det var Steffan Lunde (28) frå Årdal som omkom i trafikkulykka fredag morgon.

Trafikkulukke i Aurland

GJENNOM AUTOVERNET: Her hamna vogntoget etter at det brasa gjennom autovernet og ned i kanten av fjorden.

Foto: Arne Veum

Ein person omkom då eit vogntog fredag morgon køyrde gjennom autovernet og ut i fjorden i Aurland. Vogntoget reiv med seg fleire meter med autovern, før ferda enda 15–20 meter nede i ei skråning ned mot fjorden.

Politiet vart varsla klokka 07:30, og klokka 13:30 opplyser politiet at den omkomne er den 28 år gamle Steffan Lunde frå Årdal. Han køyrde for ei verksemd i indre Sogn.

Vogntoget var fullasta og på veg mot Flåm då ulykka skjedde ved Kvitt på E15 mellom Flåm og Aurlandsvangen.

Utover dagen vil etterforskinga halde fram og ulukkesgruppa vil også sjå på ulukka. Førebels kan ikkje politiet seie noko om det var glatt på staden.

Ifølgje Statens vegvesen er det framleis manuell dirigering på E16 forbi staden.