Hopp til innhold

– Eg har jobba hardt for å endre meining

FØRDE (NRK): Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) har i eitt år prøvd å la seg frelse til ideen om ein storkommune. Utan hell.

Oddmund Klakegg ved elva Jølstra

TVILAREN: Mykje vatn har rent i Jølstra medan Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) har prøvd å bli overtydd om at kommunesamanslåing er bra.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har prøvd veldig hardt å finne positive ting. Men dessverre finn eg at alle argumenta vi brukte mot samanslåing har slått inn.

Det har gått eitt år sidan debatten rasa om kor vidt Sunnfjord-kommunane skulle slå seg saman. Ein skuffa Jølster-ordførar såg at folket ville ha samanslåing.

Sidan då har han brukt dagar og netter på å overtyde seg sjølv om at fleirtalet hadde rett.

Det har han ikkje greidd.

– Eg har jobba hardt med meg sjølv for å endre meining, og finne dei positive tinga i denne reforma. Men dessverre: eg meiner akkurat det same som eg gjorde før folkerøystinga i april 2016. Eg ser at eg har fått veldig mykje rett i det som var mine argument då.

Han peikar på desse lovnadane, som han meiner ikkje er innfridd:

  • Statlege arbeidsplassar
  • Pengar til infrastruktur
  • Fleire og nye oppgåver til kommunane

– Eg ser ikkje på noko moglege måtar at folk i Jølster skal få betre tenester i denne reforma. Tvert om. Eg fryktar dårlegare tenester.

Grotle: – Oppsiktsvekkjande om Klakegg hadde snudd

Olve Grotle

FRAMOVER: Olve Grotle (H) trur Klakegg treng enno meir tid for å sjå fordelane med samanslåing.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Førde-ordførar Olve Grotle (H) leiar styringsgruppa for den nye kommunen (som framleis ikkje har fått namn). Han meiner ordførar-kollega Klakegg må gje seg litt meir tid til å sjå lyset.

– Eg har oppfatta Oddmund slik at han har eit meir ideologisk syn på kommunereforma. Det ville derfor nesten vore oppsiktsvekkjande dersom han tre år før samanslåinga skal finne stad, hadde endra oppfatning.

Han minner om at Førde er peika på som mogleg vertskap for 50 nye statlege arbeidsplassar. Og at Klakegg vart kåra til vegvinnaren av FirdaNasjonal Transportplan vart lagt fram.

Skremselspropaganda

Helge André Njåstad i Førde

SKUMMELT: Helge André Njåstad (Frp) meiner Senterpartiet prøver å gjere kommunesamanslåing til noko skummelt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Leiar Helge André Njåstad (Frp) i kommunalkomiteen på Stortinget meiner Klakegg og Senterpartiet prøver å skremme folk.

– Det er ingen løyndom at Sp forsøker å teikne eit skremmebilete av at kommunesamanslåing ikkje er bra.

– Eg reknar med dette er eit valkamputspel der Sp forsøker å snakke om sentralisering frå regjeringa som skremselspropaganda. Men vi gjer jo det stikk motsette med meir tillit og oppgåver til kommunane.

Han har følgjande svar til Klakegg:

Fleirtalet av både folk og politikarar i Sunnfjord har sagt ja til samanslåing. Difor vil ikkje Oddmund Klakegg ha nokon omkamp.

Men han skulle ønske reforma vart bremsa opp.

– Vi bør ta nokre kraftige steg tilbake og sjå på kva samfunnsutvikling vi vil ha. Vi bør sjå på kva som har vore suksessfaktoren i Sogn og Fjordane. Og byggje ei reform på det, seier Klakegg.

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

BREMS: Oddmund Klakegg (Sp) skulle ønskje kommunereforma vart bremsa og bygd om.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK