NRK Meny
Normal

Har framleis ikkje avhøyrd førar

Føraren som overlevde etter dødsulukka i Vågsøy skjærtorsdag er framleis ikkje avhøyrd av politiet. Det kan vere han ikkje får forklart seg før i juni.

Trafikkulukke på riksveg 15

OMKOM: Kvinna som køyrde den eine bilen omkom i den veldige kollisjonen. Føraren av den andre bilen vart hardt skadd, og politiet har framleis ikkje fått avhøyre han.

Foto: Bjarne Eldevik

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier til Fjordenes Tidende at mannen framleis ikkje har vore i stand til å forklare seg på grunn av skadane han fekk i kollisjonen.

Politiet har gjort fleire forsøk på å avhøyre mannen, men dette har altså ikkje late seg gjere til no. Hvattum seier til avisa at mannen no er overført til sjukehus i heimlandet. Det kan godt vere at dei ikkje får avhøyrt han før i juni.

– Grunnen er todelt. Det eine er at vi ikkje har fått inn rapporten etter dei tekniske undersøkingane som vi har bede om, og det andre er at han har reist tilbake til heimlandet, seier Hvattum til NRK.no.

Han seier dei vil avvente svar på dei tekniske undersøkingane før dei gjer nye forsøk på å avhøyre han. Hvattum seier til NRK.no at dei har mål om å få gjort dette før sommarferien.

Kor vidt dei sjølve reiser ned for å avhøyre mannen, eller om dette blir gjort av dansk politi er framleis usikkert.

Var på nattevakt før kollisjonen

Politiet etterforskar om den danske vikarlegen kan ha sovna bak rattet før han krasja med ein møtande bil om føremiddagen torsdag i påska. Den 49 år gamle kvinna som køyrde den andre bilen miste livet.

Vågsøy-lensmannen har tidlegare sagt til Bergens Tidende at etterforskinga så langt tyder på at det var bilen til legen som kom over i motgåande køyrefelt. Asfalten på ulukkesstaden var tørr, og politiet har ikkje funne bremsespor etter nokon av dei to involverte bilane.

Legen skal ha kome rett frå nattevakt på den interkommunale legevakta på sjukehuset i Eid då ulukka skjedde like før klokka 10 på føremiddagen.

– Alvorleg sak

Hvattum seier til NRK.no at dei veit kor i vegbana ulukka skjedde, og kor mykje mannen jobba i forkant av ulukka. Detaljar om dette vil han ikkje kome inn på no.

– Vi har ein del ting som vi ventar på svar på, mellom anna kva fart bilane hadde, seier lensmannen til NRK.no.

Hvattum meiner det i denne saka ikkje er problematisk at det går så lang tid før dei får avhøyrt føraren.

– Det vil ikkje bety noko for saka. Det er ei alvorleg sak, og vi må bruke den tida vi treng til å få inn dei nødvendige opplysningane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå