Hopp til innhold

Nei, det er ikkje tull - Knut har forska på mose-sex i mange år

Visste du at at for etasjemosen så er sex eit risikoprosjekt, som i verste fall kan føre til døden? Det har professor Knut Rydgren funne ut, etter å ha forska på den vesle planten i mange, mange år.

Knut Rydgren

SPENNANDE: Professor i biologi, Knut Rydgren, vart interessert i etasjemose på 1990-talet. Sidan har han forska mykje på korleis mosen lever og oppfører seg.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

På skogstur har nok dei fleste sett etasjemose-planten, men dei færraste har kanskje sett så nøye på den. Ein som har studert plantens liv i minste detalj er professor Knut Rydgren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Vi var blant dei første i verda som viste at det er store kostnadar knytte til seksuell reproduksjon også hjå mose, seier professor Knut Rydgren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Gjennom ein serie på NRK Sogn og Fjordane kan ein framover verte betre kjend med fleire av forskarane i fylket og dei mange ulike emna dei er ekspertar på.

Først ut er professor i biologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Knut Rydgren. Interessa hans for etasjemose starta under doktorgradsarbeidet på midten av 1990-talet.

Har vore ekstremt uthaldande

Ved å studere planten i detalj, har Rydgren funne ut at dei seksuelt aktive plantene risikerer å bli mindre, samt at dei har større sjanse for å døy.

I over 20 år han studert etasjemosen. Namnet kjem av at planten veks i etasjar, ein i året. Stilken er langt og tynn, medan etasjane er flate.

Skogbotnen ser nærast ut til å vere dekka av eit teppe der mange etasjemosar står samla. Den årlege etasjen på planten gjer den til eit ypparleg forskingsobjekt, fordi det er enkelt å seie kor gamal ein plante er. Då kan forskarane lett tidfeste endringar som har påverka planten.

– Det er dei organismane som har levd lengst på landjorda, så dei har vore ekstremt uthaldande i mange hundre millionar år. Tidlegare vart mose også brukt som ureiningsindikatorar, forklarar Rydgren.

Moser responderer veldig på klima, og kan også nyttast til klimaovervaking.

– Kunnskap om mosens vekst og utvikling kan vere veldig viktig, seier Rydgren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Etasjemose

SKILJER: Ved hjelp av hobbyperler, klarar Rydgren å skilje ein mose frå ein annan. Slik kan han følgje utviklinga til ei bestemt moseplante over tid.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Tok lang tid å sjå skilnad

Professoren i vegetasjonsøkologi har etasjemose som spesialfelt. Seksuallivet til planten har han studert i detalj, og gjort unike funn.

– Stort sett er den viktige reproduksjonsmåten hjå mosar er ukjønna formeiring, altså forgreiningar. Men mosar har også seksuell reproduksjon, seier Rydgren.

Sjølv han brukte lang tid på å sjå skilnad på hann- og hokjønn, men han var av dei første i verda som klarte det.

Når hannplanten er kjønnsmoden kan ein sjå bitte små brune nøtter på sidegreinene. Medan det på hovudstengelen til hoplanten er små strukturar som ser ut som ei lita frynsete rose.

Knut Rydgren si omfattande forsking har synt at for å lukkast i akta må ikkje berre plantane vere sterke. Dei må også stå mindre enn 10 centimeter frå kvarandre, og det må ikkje vere for tørt i området.

Brukar hobbyperler i forskinga

Då klarer nemleg ikkje svømmarane frå hannplanten å kome seg dei få centimetrane fram til dit hoplanten har egga. Dermed er ikkje sex noko alle mosar utfører med hell.

– Det er store kostnadar forbunde med seksuell reproduksjon hjå mosar. Det vil seie at det er redusert overleving, at dei vert mindre neste år og at dei har mindre sjanse for seksuell reproduksjon neste år, seier Rydgren.

For å kunne studere planten i detalj og hente inn mest mogleg informasjon om dei ulike planteindivida, har forskaren teke uvande metodar i bruk. Hobbyperler i alle regnbogens fargar er kjende for dei fleste, men dei færraste har nytta dei på same måte som Knut.

– Viss ein snittar opp desse perlene i små ringar og lagar ein splitt, så kan ein træ dei rundt mosestengelen. Det finst minst 30–40 fargevariantar, så på den måten kan ein halde reie på forskjellige individ og kva skjebne dei får, seier Rydgren.

Kan nyttast som eit levande arkiv

Og den detaljert kunnskapen om årleg endring på planten har også gjort at etasjemosen sidan 70-talet har vore brukt som eit levande arkiv.

Planten fortel korleis miljøgifter, tungmetall og radioaktivitet påverkar miljøet. For å nytte kunnskapen til fulle spelar forskingsfunna til Knut Rydgren ei viktig rolle.

– Viss ein nyttar mosar som bioindikatorar, så treng ein grunnleggjande kunnskap om korleis dei veks og utviklar seg, kva som påverkar veksten deira og populasjonsutviklinga. Det er eit puslespel, og det vi gjer, fyller ut det puslespelet, seier Rydgren.