Hopp til innhold

Trass låge prisar - resultata er betre enn i fjor

Trass låge aluminiumsprisar har Hydro sine verk i Sogn og Fjordane forbetra årsresultata sine. Etter eit positivt siste halvår vel fabrikksjefane i Høyanger og Årdal å sjå optimistisk på 2014.

Wenche Eldegard

NØGD: Fabrikksjef Wenche Eldegard i Høyanger er nøgd med årsresultatet for Hydro Høyanger.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi reknar med at prisane på aluminium vil halde seg låge, så 2014 vil bli eit utfordrande år det også.

– Men med tanke på til salet av valseblokker er vi optimistar, seier Wenche Eldegard som er fabrikksjef på Hydro sitt metallverk i Høyanger.

– Nøgde med plussresultat

Verket inst i Høyangsfjorden noterte eit overskot på 49 millionar kroner i 2013, noko som er to millionar kroner betre enn for 2012.

Kollegaene i Hydro i Årdal gler seg også over resultatet. Resultatet er på sju millionar kroner, heile 16 millionar kroner betre enn i 2012.

– Vi er nøgde med at vi i det heile teke har fått eit plussresultat i 2013, seier verkssjef Egil Fredriksen.

– God og effektiv drift

I Høyanger rosar fabrikksjefen dei tilsette som har sørga for god og effektiv drift, og såleis sikra at verket har forbetra resultatet frå 2012.

– Prisane har gått ned, men resultatet har gått opp. Og det skjer som følgje av god drift, seier Wenche Eldegard til NRK.no.

Det er sett ny rekord i elektrolysen med totalt 63.476 tonn produsert aluminium.

I støyperiet er det produsert 109.850 tonn valseblokker, og sjølv om det er mindre enn i 2012, fører betre prisar på blokkene til betre resultat, seier Eldegard.

– Årsaka til at vi har fått betre priser på valseblokkene er at marknadsapparatet vårt har gjort ein veldig god jobb. I tillegg beveger vi oss inn på nye marknader, der det er høgare margin på dei produkta vi støyper, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Årdal Metallverk/Høyanger Metallverk

I PLUSS: Hydro sine metallverk i Årdal (til venstre) og Høyanger går begge i pluss i 2013. For begge gjeld det at resultatet er betre enn i 2012, og det trass låge aluminiumsprisar.

Foto: NRK

Har teke i bruk ny teknologi

I fjor vart det investert sju millionar kroner i eit nytt testanlegg for ny støypeteknologi i Høyanger.

Investeringa inneber at ein no kan justere storleiken på valseblokkene i ulike storleikar, slik at ei form i det nye støypesystemet vil kunne erstatte inntil sju av dagens støypeformer.

Teknologien er utvikla ved Hydro sitt forskingssenter i Sunndal, og fleire av dei tilsette i Høyanger har vore der på kurs. Etter halvanna veke i drift lovar ting godt, seier Eldegard.

– Vi har ein veldig erfaren og drilla organisasjon, og er godt budde på å ta i bruk denne teknologien. Vi er no inne i andre veka, og resultata så langt ser veldig bra ut, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Ny teknologi er på plass på Hydro sitt verk i Høyanger

NY TEKNOLOGI: Er no teke i bruk på Hydro sitt metallverk i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Betre enn venta

Også i Årdal gler dei seg over årsresultatet for 2013.

Sju millionar kroner i overskot i 2013, er betre enn dei ni millionar kronene verket gjekk i minus i 2012.

Verkssjef Egil Fredriksen vedgår at det har gått betre enn venta.

– I første halvår i 2013 hadde vi eit underskot på 18 millionar kroner, og prisane på aluminium har vore dårlegare det siste halve året. At vi fekk eit plussresultat når vi ser på dei prisane som er, skal vi i grunn vere nøgde med, seier han.

I støyperia i Årdal vart det totalt produsert 212.346 tonn ferdigprodukt i form av valseblokker og støypelegeringar. Det er 66.778 tonn mindre enn i 2012, men resultata er likevel betre, fortel Fredriksen.

– Det er spesielt støyperiet som bidreg med gode resultat. Vi har endra produktstrategien og sel no mykje meir høglegerte produkt som har mykje betre marginar. Vi har eit veldig godt overskot i støyperiet vårt, seier Fredriksen.