Hopp til innhold

Har flest menn

Sogn og Fjordane er blant dei fylka i landet som har flest menn i forhold til kvinner. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. 1. januar var det i overkant av 2000 fleire menn enn kvinner her i fylket. Andelen kvinner i Norge har ikkje vore så liten, sidan folketeljinga starta i 1769 og totalt er det 41.000 fleire menn enn kvinner i landet.