NRK Meny
Normal

Droppar fredinga av lokalsjukehusa

Helsedepartementet har i fleire år gitt helseføretaka beskjed om at lokalsjukehusa er freda. No er ordlyden endra.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

OPPHEVAR FREDING? Helsedepartementet, under leiing av statsård Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap) har i år endra teksten som har lagt band på helseføretaka i høve til lokalsjukehusa.

Foto: Anders Brekke / NRK

Formuleringa om freding er henta frå regjeringa si Soria Moria-erklæring. Men i 2010 er beskjeden fjerna.

Heile avsnittet er fjerna

Kvart år sidan 2005 har regjeringa lagt inn eit avsnitt om lokalsjukehus og akuttfunksjonar i oppdragsdokumentet som helseføretaka skal styre etter. Dokumentet har også innehalde formuleringa ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, ei formulering som er henta frå Soria Moria-erklæringa. Men i oppdragsdokumentet for 2010 er heile avsnittet om lokalsjukehus fjerna, skriv Dagsavisen.

Sp-representant krev forklaring

– Vi må få ein gjennomgang og ei skikkeleg forklaring frå departementet på kvirfor dette har skjedd, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe fra Senterpartiet.

Ho tykkjer det er merkverdig at eit så sentralt punkt ikkje står i oppdragsdokumentet.

Høybråten: – Kan regjeringa leve med dette?

KrF-leiar og tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten er overraska over at Soria Moria-erklæringa blir følgt opp på denne måten.

– Dette dokumenterer at helseføretaka har fått grønt lys frå helseministeren til å gå vidare med desse strukturendringane. Eg kan ikkje forstå at resten av regjeringa kan leve med dette, seier han. (©NTB)