Hopp til innhold

Har fiska rømd oppdrettslaks for over 100 000 kroner

Kalvåg-fiskaren Harald Gulestøl har fiska rømd oppdrettslaks til ein verdi på over 100 000 kroner dei siste dagane

Harald Gulestøl

LAKSEFISKE: Kalvåg-fiskaren Harald Gulestøl gjer gode pengar på rømd oppdrettsaks.

Foto: Privat

– Det var dei første dagen før fisken spreidde seg at vi fekk bra med laks, dei siste dagane har minka vekk litt, seier Harald Gulestøl.

Det var i førre veke at oppdrettsgiganten Marine Harvest oppdaga at det var hol i nota i ein av merdane deira ved Gulestø i Frøysjøen. I merden var det 191.000 laks, og Marine Harvest tilbaud betaling til fritidsfiskarar som fangar rømd laks .

Ein av dei som prøver lukka er Harald Gulestøl, skriv Firdaposten.

– No får vi ein fisk her og ein fisk der, vi har mykje garn, så då kan drive med det, men eg trur det går mot slutten no.

– Korleis var det då det var på det meste?

– Den første lenka vi sette var på 30 garn og der fekk vi vel om lag 120 laksar, så der stod dei tett. Det var eit artig fiske å vere med på, sjølv om ein helst ikkje vil ha rømd fisk i det fri.

– Er det mange som har vore med på fisket?

– Ja spesielt då drog den første lenka, då var det mange som ville vere med, men no er det mange båtar som har gitt seg. Og no er det vel eigentleg berre vi som har noko mengder med garn, og vi har vel ein 200 garn ute.

God betaling

Marine Harvest betalar 500 kroner for kvar rømd laks Gulestøl og dei andre fritidsfiskarane fangar.

– Det er mykje pengar det er snakk når det kjem så tett med fisk.

Gulestøl har så langt fiska rømd oppdrettslags for over 100 000 kroner.

– Men no minkar det på fisken, så enten har ikkje rømminga vore så stor, eller så spreier laksen seg svært fort utover.

Ivrig laksefiskar

Trass god betling, og artig fiske Gulestøl hadde likevel helst sett at dei vore rømminga forutan.

– Eg er ivrig laksefiskar i elvane, og har ikkje noko ynskje om å oppdrettslaks på kroken når eg står der i elva i sommar. Så eg håar at mesteparten er tatt opp før den tid, sjølv om det sikkert ein del som sym fritt då og.