Hopp til innhold

Har fire kampar på rad utan scoring

For ein Sogndal-supporter er nok ikkje avisene spesielt lystig lesnad dagen etter 0-0-kampen mot Viking: Ikkje sidan 1992 har eit lag scora berre to mål på dei første seks kampane...

Cato Hansen

MÅLTØRKE: Cato Hansen har enno ikkje scora for Sogndal i eliteserien. På seks kampar står laget med berre to mål.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Spelarar og supporterar er frustrerte over måltørken, skriv Bergens Tidende i ein tittel over åtte spaltar i avisa tysdag.

Det er dagen etter at Sogndal nok ein gong berre klarte uavgjort på heimebane - og for fjerde kamp på rad i eliteserien gjekk laget av bana utan nettkjenning.

Sogn Avis presenterer kampen med oppslag på framsida i papiravisa: «407 minutt utan mål».

Vedgår at laget scorar for lite

Sogndal har fått ein tøff start på comebacket i eliteserien, etter at dei cruisa gjennom 1. divisjon i fjor: Etter seks kampar er sogningane desiderte tabelljumboar, og spissane verkar vaksinerte mot scoringar.

Berre Ole Jørgen Halvorsen og Eirik Bakke har så langt fått nettkjenning.

– Statistikk ofrar eg ikkje ein tanke. Men det er sant at vi scorar for lite, og slit med å skape nok, seier trenar Harald Aabrekk til Sogn Avis.

Avisa meiner på framsida at 407 minutt utan nettkjenning viser tydeleg kvar skoen trykkjer i mannskapet til Aabrekk.

Aabrekk er uroa over måltørken

I ein kommentar i Bergens Tidende understrekar Tore Strand at scoringsvegringa gir ein eim av nedrykk på Fosshaugane.

– Laget er så syltynt framover, at det er vanskeleg å sjå at Sogndal kan vinne nok kampar til å overleve, skriv kommentatoren.

Overfor TV2-sporten er Aabrekk uroa over at mannskapet hans slit med å få hol på byllen.

– No må vi prøve å knekkje koden for korleis vi skal klare å score mål, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Aabrekk intervjua på TV

UNDER PRESS: Mange ville snakke med Harald Aabrekk om at Sogndal ikkje scorar nok mål i eliteserien.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal er verst sidan 1992...

Ifølgje VG er Sogndal og Viking laga med lågast utteljingsprosent på sjansane sine så langt i sesongen. Sogndal sine to mål på seks kampar er svakast i norsk eliteserie sidan 1992 - då Mjøndalen stod med det same.

– Vi har ein h... jobb framfor oss om vi skal klare plassen. Det må vi akseptere. Elles er vi naive, seier Aabrekk til VG.

NRK.no prata med Sogndal-spissane om måltørken etter 0-0-kampen mot Viking. Cato Hansen avviser at dei kjenner eit ekstra press frå omgjevnadene om å score.

– Nei, eg føler ikkje det. Vi må berre gjere oppgåvene slik vi får beskjed om å gjere dei. Kven som skal score måla tenkjer eg ikkje på i det heile, seier han.