Hopp til innhold

Har felt over 1000 reinsdyr

Inntil 14. februar var det felt 1028 reinsdyr i den statlege jakta på villrein i Nordfjella, skriv Sogn Avis. Tidlegare er det felt kring 600 dyr i den ordinære jakta. Dermed står det igjen å felle mellom 500 og 600 reinsdyr før uttaket er ferdig i denne omgang. Målet med den statlege jakta er å hindre at skrantesjuka skal spreie seg til andre område.

Statlege jaktlag speidar etter villrein i Nordfjella.
Foto: Håvard Heggen / NRK